- Ein gledens dag for Sogn og Fjordane

Frank Willy Djuvik jublar for Engebøfjellet.

Frank Willy Djuvik jublar for Engebøfjellet.

Artikkelen er over 5 år gammel

- Dette er ein gledens dag for heile fylket, meiner Høgre og Frp i Sogn og Fjordane.

DEL

Høgre og FrP i Sogn og Fjordane er svært nøgd med at regjeringa har godkjend både reguleringsplan og utsleppsløyve for Nordic Mining sitt rutilprosjekt i Engebøfjellet i Naustdal.

Regjeringa har godkjent mineralutvinninga i Engebøfjellet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet har godkjend reguleringsplanen for området, og Klima- og miljødepartementet gjev utsleppsløyve til Nordic Mining som skal drive produksjonen.

- Jubeldag

Engebøprosjektet er det største planlagde mineralprosjektet i Norge og kan totalt gje 300 langsiktige arbeidsplassar i Sunnfjordregionen. Dette vil styrkje verdiskapinga i Sogn og Fjordane og bidra til positiv vekst og folketalsauke i tillegg til næringsmessige ringverknader.

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, meiner at dette er ein jubeldag for heile fylket og at dette synnleggjer ei mykje meir handlekraftig og næringsvenleg regjering enn tidlegare.

– Dette er ei sak vi har jobba mykje med, og det er gledeleg at vi kan få eit så godt resultat av ei slik sak, seier Mjømen.

- Vi treng dette

Gruppeleiar for FrP på Fylkestinget, Frank Willy Djuvik, er spesielt glad for at ein no har sett eit endeleg punktum i saka, og at Nordic Mining som allereie har brukt fleire titals millionar på utarbeiding av planar og kartlegging over åtte år, endeleg kan sette i gang prosjektet.

– Dette er eit prosjekt som vi verkeleg treng i fylket, og det vil være starten på eit nytt industrieventyr for heile nasjonen som startar i vårt fylke, seier Djuvik.

Det har vore viktig for regjeringa å ivareta sjømattryggleiken og miljøhensyn. Difor har det vore gjennomførd grundige undersøkingar av miljøkonsekvensar av sjødeponiet, og det vert stilt strenge miljøkrav i utsleppsløyvet, skriv Frp og Høgre i ei pressemelding.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken