- Vil skape vekst i Naustdal

Håkon Myrvang er ikkje heilt "gifteklar" med Førde.

Håkon Myrvang er ikkje heilt "gifteklar" med Førde. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

- Eit viktig vedtak i regjeringa, som vil skape vekst i Naustdal og resten av regionen, seier Naustdal-ordførar Håkon Myrvang.

DEL

- Vi er glade for at regjeringa no har avgjort saka, og dette vedtaket betyr at vi kan starte vårt arbeid med å forvalte Engebøfjellet på ein god måte for alle innbyggarane i kommunen, seier ordførar Håkon Myrvang i Naustdal.

Naustdal kommune har venta lenge på at regjeringa skulle avgjere denne saka.

-  Det har teke lang tid, men eg meiner det har styrka prosjektet fordi alle fakta no er grundig analyserte og vurderte av ulike faginstansar. Eg er trygg på at Regjeringa har fatta eit framtidsretta og godt vedtak som betyr mykje for Naustdal kommune og heile regionen, seier Myrvang.

Naustdal kommune er godt budde på at eit så stort prosjekt krev mykje av kommunen i åra framover. Drift på Engebø blir det først om nokre år.

Kommunen si oppgåve no blir å tilrettelegge for ei positiv folketalsutvikling gjennom tilflytting.

- Det vil seie å lage ulike planar for området og vurdere behovet for nye barnehageplassar og liknande, seier rådmann Øyvind Bang-Olsen.

- Vi tek også forvaltningsoppgavene alvorleg og leggje vekt på å ha ressursar til å møte saker som krev løye, seier han.

- Utvinninga på Engebø vil bety fleire arbeidsplassar i kommunen. I første omgang ein stad mellom 170 og 350 nye arbeidsplassar, seier ordførar Håkon Myrvang.

Les meir:

Regjeringa seier ja til fjorddeponi

- Eg har resignert

- Ein gledens dag for Sogn og Fjordane 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken