Gå til sidens hovedinnhold

Dømd for festival-heleri

Artikkelen er over 6 år gammel

Tok i mot pengar frå kassa på Malakoff.

Ei 25 år gammal kvinne er i Fjordane Tingrett dømd for heleri av 5.900 kroner frå Malakoff-festivalen.

Kvinna reiste saman med ein ven for å jobbe på festivalen, og der var vennen som hadde ordna med det heile. Ho vart av han lova betaling for jobben, men reagerte på at dei to gjekk gjennom ein "frivilleg-innsjekk" då dei kom til området.

Då ho var ferdig med vakta si laurdag kveld oppsøkte ho kompisen, som framleis var på jobb i baren. Han gav henne då eit større pengebeløp, som ho etter eige utsagn oppfatta som betaling for vaktene ho hadde hatt på festivalen. Ho synes det var rart at ho fekk pengane i handa der og då, men reflekterte ikkje vidare over dette.

Kompisen som gav henne pengane, er tidlegare dømd for å ha stole frå kassabehaldninga.

Kvinna erkjende at ho burde ha forstått at pengane ho fekk stamma frå ei kriminell handling, og ho vart difor dømd for aktlaust heleri og eit bot på 6000 kroner.

Kommentarer til denne saken