Gå til sidens hovedinnhold

Fylkesutvalet går inn for Havila-sal

Artikkelen er over 5 år gammel

Eit samrøystes fylkesutval rår fylkestinget til å røyste for avtalen om å selje Fjord1 til Havila Holding.

(Firda)

Under fylkesutvalets møte onsdag føremiddag brukte Havila-eigar Per Sævik ein time på å svare på alle spørsmål og legge daude alle bekymringar fylkesutvalet har hatt om å skrive under på salsavtalen.

Fylkesutvalet innleia møtet med å sleppe kjøpssummen, for å unngå vidare spekulasjonar.

Debatten etterpå vart ei einvegskøyring, der samtlege parti roste avtalen og Per Sævik.

– Denne opplevinga var nesten euforisk, samanlikna med det hemmeleghaldet og dei prosessane vi opplevde med Torghatten, seier Gunnhild Berge Stang (V). Havila-eigar Per Sævik si ærlege openheit gjorde inntrykk på fylkesutvalet.

– Denne presentasjonen viser kva verdiar som bur, ikkje berre i Per Sævik, men og selskapet han driv, sa Hilmar Høl under debatten etter presentasjonen.

– Skal ein få noko for det ein sel, må ein selje når det går godt, sa Sigurd Reksnes, som ville anbefale gruppa si å røyste for avtalen.

– Vårt prinsipielle standpunkt var opphavleg å selje. Når vi er der vi er, er det rettaste for selskapet at vi sluttar oss til. Vil og nytte høvet til å seie at det vart heilt rett og nyttig av fylkesordføraren å legge om måten dette vart handtert på, med opne dokument og pressa til stades. Dette kan vi læra av til neste gong vi skal selje Fjord1, sa Gunnhild Berge Stang (V)

– Det er ikkje sikkert vi hadde hatt ein så god avtale om ikkje vi hadde vore gjennom prosessen med Torghatten. Det skal vi og ha med oss, sa Trude Brosvik (KrF).

– Ei samla høgregruppe kjem til å slutte seg til avtalen, sa Bjørn Hollevik (H), som sluttar seg til at måten ein no tok finalen på, med full openheit om alt.

– Det heldt på å skjere seg for berre nokre få veker sidan. Men i dag? Eg trur til og med media er forundra over at dei fekk sitje, eg måtte spørje Gunnhild om ein hadde tatt opp at det var greitt at media fekk lov til å sitje. Idet eg skjønte at Sævik hadde sagt OK til at media fekk fullt innsyn, tenkte eg at dette gjekk rett veg. Sævik har kvittert ut veldig godt alle dei spørsmål vi hadde, og dette er ein avtale som vil bli bra for selskapet, for dei tilsette, og for innbyggarane i fylket.

Aleksander Øren Heen var veldig glad for at ein kjem til ei løysing som heile fylkesutvalet og forhåpentlegvis heile fylkestinget kan slutte seg til, for han meinte at den skyttargravskrigen dei har opplevd har vore hemmande for fylkestinget som kollegium.

– Det tenar fylket til ære at vi no landar saka på ein så god måte, sa Jenny Følling.

Fylkesutvalet vedtok samrøystes å tilrå avtalen. Fylkestinget tek avgjerda på fredag. Då skal Per Sævik og få legge fram planane sine for Fylkestinget.

Kommentarer til denne saken