Fjord1 stoppar manuell billettering og kiosksal

Fjord1 kuttar ut all bruk av sedlar og mynt og kuttar ut alt kioskdrift om bord i båtane.

DEL

Fjord1 følgjer utviklinga av situasjonen knytt til Koronaviruset (COVID-19) tett.

Smittevern

«Vår høgste prioritet er å ivareta sikkerheit og helse for våre passasjerar og tilsette. Frå og med i ettermiddag, søndag 15.mars stoppar Fjord1 manuell billettering på alle ferjesamband.

Dette er innført for å hindre at billettering ikkje vert ei kjelde til spreiing av smitte mellom trafikant og billettør. Billettering vert gjennomført ved lesing av skiltnummer, der dette er mogleg., melder Fjord1 i ei pressemelding.

Passasjerar reiser fritt inntil vidare. Kontantbetaling utgår på passasjerbåtane På passasjerbåtrutene i Vestland (i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn) kuttar selskapet ut kontantbetaling som betalingsmiddel med umiddelbar verknad.

Ikkje kiosksal

All servering i form av betent og sjølvbetente kioskar opphøyrer med umiddelbar verknad. Reisande vil difor ikkje kunne handle om bord i Fjord1 sine fartøy.

Driftsdirektør Andre Høyset i Fjord1-konsernet.

Driftsdirektør Andre Høyset i Fjord1-konsernet. Foto:

-Vi gjennomfører desse tiltaka i samarbeid med Statens Vegvesen og aktuelle fylkeskommunar med tanke på smittevern for våre tilsette og reisande, og håpar på forståing for det. Vi oppmodar dessutan alle våre reisande til å bli sittande i køyretøyet under overfarten. Om ein likevel forlet køyretøyet under overfarten, så legg vi til grunn at det kun er for nødvendige ærend eller beskjedar til mannskapet, seier driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset.

Artikkeltags