Fjord1 lettar på koronatiltaka

STENGTE DØRER: Fram til no har dei reisande med Fjord1-ferjene blitt bedne om å halde seg i bilane sine. Her er frå MS «Ampere».

STENGTE DØRER: Fram til no har dei reisande med Fjord1-ferjene blitt bedne om å halde seg i bilane sine. Her er frå MS «Ampere». Foto:

FLORØ: Frå Fredag av startar Fjord1 med å forsiktig lette på dei sjølvpålagte koronatiltaka som har prega drifta deira siste vekene. No skal ein mellom anna kunne få seg ein matbit om bord.

DEL

Fjord1 avviklar no rådet til passasjerar om at ein bør sitte i køyretøyet under heile overfarten. Passasjerar kan bruke passasjersalongane som vanleg, under føresetnad av at ein følgjer nasjonale føringar for avstand til andre. Desse lettingane blir i verksette frå i dag av, fredag 24. april, og Fjord1 opnar også opp att dei sjølvbetente kioskane på sambanda Anda-Lote og Arsvågen-Mortavika, som har vore stengde sia 15. mars.

Driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset presiserer at Fjord1 følgjer situasjonen tett, og at det ligg oppdaterte smittevernvurderingar til grunn for at selskapet no lettar på nokre av tiltaka.

- Fjord1 følgjer utviklinga av situasjonen knytt til koronaviruset tett, og når vi lettar på nokre av tiltaka denne veka, så opprettheld vi samtidig andre førebyggande tiltak for å hindre smittespreiing. Vår høgste prioritet er å ivareta sikkerheit og helse for våre passasjerar og tilsette, og vi følgjer styremaktene sine smittevernråd som tilseier at ei opning av desse kioskane kan gjerast med omsyn til smittevern. Samtidig ber vi alle våre reisande om å følgje dei nasjonale retningslinjene for avstand til andre medreisande, skriv Høyseth i ei pressemelding frå reiarlaget.

Innan 1. mai-helga vil Fjord1 vurdere å opne opp att sjølvbetente kioskar på fleire av dei store sambanda. Vidare vil ein finne løysningar som gjer at ein etterkvart kan opne opp dei fleste kioskane om bord i fartøya. Desse vurderingane vert gjort fortløpande og i takt med øvrige lettingar knytt til tiltak i samfunnet generelt.

Artikkeltags