Fjord1 er tilbake i hurtigbåtmarknaden med neste generasjons miljøteknologi, skriv selskapet i ei pressemelding.
Frå 2025 skal selskapet drifte bybåtrutene Knarvik-Frekhaug-Strandkaien og Kleppestø-Strandkaien.
– Det er ein stor dag for alle tilsette i Fjord1 i dag. Vi har vunne den nye kontrakta for bybåtane i Bergen med ny miljøteknologi, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.
Kontrakta går over 15 år.
Tilbodet vert forbetra med to båtar på Kleppestø-Strandkaien mot dagens eine. Neteland seier at dette er ein merkedag for selskapet.
– No er Fjord1 endeleg tilbake på hurtigbåt! Vi har venta i årevis på ny miljøvennleg teknologi innanfor hurtigbåt-marknaden, og no er teknologien tilgjengeleg. Fjord1 har ambisjonar om også å vere leiande innan hurtigbåt. Vi er klare til å ta fatt på dette spennande arbeidet med å gjere hurtigbåtdrifta berekraftig i åra som kjem, seier han.