Ferjereiarlaget Fjord1 skal bli eigd likt mellom Havila Holding og amerikanske Vision Ridge Partners

Havila Holding tok i mai 2020 full kontroll over Fjord1 saman med sin amerikanske partnar Vision Ridge Partners etter å ha kjøpt ut Fredrik W. Mohn sin aksjepost på 18,46 prosent for 877 millionar kroner.

Då var Havila Holding oppe i 86 prosent eigarskap. Den eigarposten skal no reduserast til 50, skriv Nett.no.

Planen er at Vision Ridge Partners skal kjøpe seg opp i selskapet, slik at dei to selskapa eig selskapet 50/50.

– Forhåpentlegvis er dette ting som fell på plass i løpet av sommaren, seier Per Sævik til Nett.no om arbeidet med å endre eigarfordelinga i børsnoterte Fjord1.

(©NPK)