Så nøgde med Fjord Base at dei vel Florø igjen

Adm. direktør Leif Stavøstrand i Saga Fjordbase.

Adm. direktør Leif Stavøstrand i Saga Fjordbase.

Artikkelen er over 1 år gammel

Selskapet Wellesley vil bruke Florø som forsyningsbase når dei no skal bore tre nye leitebrønnar.

DEL

Wellesley Petroleum er eit norsk olje- og gasselskap med hovudkontor i Stavanger. No skal dei bore tre nye leitebrønnar i Grosbeak-området, i nærleiken av Gjøa.

Avtalen er godt nytt for oljebasen i Florø, som har blitt vald som forsyningsbase i leiteperioden.

– Vi har jobba med denne avtalen ei stund, og det er veldig kjekt at vi no har fått oppdraget. Det har ein del å seie for oss, seier administrerande direktør i Saga Fjordbase, Leif A. Stavøstrand, til Firdaposten.

– Dette betyr betydeleg meir aktivitet over basen, i ein periode på rundt 200 operasjonsdagar, fortel han.

Vil skape lokale ringverknader

For Fjord Base betyr forsyningsavtalen heilt konkret ca. 3.000 tonn meir over basen i månaden.

– Alt som skal til for å gjennomføre leiteboringa skal gå via oss, bulk, mud og så vidare, seier Stavøstrand.

– Ein slik leiterigg har med seg to fartøy. Desse fartøya skal ha leveransar, mannskapsbyte med meir. Så dette vil ein merke både i bybildet, på hotella og flyplassen, i form av auka aktivitet. Og så håpar vi jo at dei finn noko, seier han.

For blir det funn som er verdt å utvinne, kan det bety enda meir aktivitet i Florø.

Ifølgje Oljedirektoratet inneheld Grosbeak-funnet potensiellt rundt 35 millionar fat oljeekvivalentar. Dei tidlegare eigarane av feltet, med operatør Wintershall i spissen, har tidlegare sagt frå seg lisensen, fordi dei meinte funnet var ulønsamt.

Men Wellesley ser store moglegheiter her.

- Det er eit prospeltovt område, og dersom vi gjer funn her, så er det ikkje lenger enn 18 kilometer til Gjøa og 36 kilometer til Troll C. Det er også potensial for ei sjølvstendig utbygging, seier adm. dir. Chris Elliott i Wellesley Group til Petro.no.

(Saka held fram under bildet)

Grosbeak-funnet er markert med gult, og ligg nær Gjøa og Troll C.

Grosbeak-funnet er markert med gult, og ligg nær Gjøa og Troll C.

Svært nøgde med Florø

Grunnen til at Fjord Base er vald, er Wellesley si gode erfaring med servicen frå Saga Fjordbase og andre Fjord Base-selskap.

Dei er svært nøgde med både Saga Fjordbase og selskapet sitt samarbeid med dei andre verksemdene på oljebasen.

– Wellesley var her både i 2016 og i 2017. Dei var særs nøgde med leveransane frå basen, og seier at vi har blitt enda betre etter at vi innførte prosjektet «Lean and Green Base», fortel Stavøstrand.

– Det er jo sjølvsagt veldig kjekt når kundane er så nøgde, legg han til.

Transocean Arctic skal bore

Leiteboringa vil gå føre seg i mellom 100 og 250 operasjonsdøgn, og planen er å starte allereie 1. juni, melder Wellesley.

Det er Transocean Arctic som skal bore, og denne riggen skal no først bore eit anna leiteprosjekt som skal forsynast frå Florø. Det er Aker BP som skal bore «Raudåsen».

- Truleg vil Transocean Arctic gå direkte frå dette prosjektet og over på Grosbeak, fortel Stavøstrand.

Etter eit par rolege år ser det no ut til at leiteaktiviteten i Nordsjøen tar seg opp. Det er godt nytt for Florø.

– Vi har heile tida sagt at 2016 og 2017 kom til å bli to rolege år, men forventa at det skulle ta seg opp etter det. Og det ser ut til å slå til. Vi ventar ein oppsving i år, og eit enda travlare 2019, seier han.

Neste år skal både Statoil og Engie bore, på høvesvis Snorre Expansion og Cara. Kanskje skal også Wintershall bore oljefunnet Nova (Skarfjell).

Truleg vil den høge aktiviteten neste år betyr fleire arbeidsplassar på basen.

– Det er ganske sannsynleg at vi vil ha behov for meir ressursar til neste år. Det er veldig kjekt!, avsluttar Stavøstrand.

 

 

 

Artikkeltags