Er det ein ny oljeoppsving på veg?

Administrerande direktør Leif Stavøstrand i Saga Fjordbase.

Administrerande direktør Leif Stavøstrand i Saga Fjordbase.

Artikkelen er over 2 år gammel

2019 vil etter alle solemerke bli eit travelt år for Fjord Base i Florø. Nedgangstidene i olja kan no vere over.

DEL

I 2019 er det planlagt mange boreprosjekt og utbyggingar som kan skape aktivitet på Fjord Base og i Florø, mellom anna Snorre Expansion, Skarfjell, fleire leiteboringar, oljefunnet Garantiana og vindkraftutbygging på Guleslettene.

Administrerande direktør i Saga Fjordbase, Leif Stavøstrand, kan konstatere at det er nye oppdrag og meir jobb på veg.

- Vi må vere førebudd på den store aktiviteten som kjem i 2019 - for då blir det travelt, seier han til INC Nytt.

- Ser vi inn i oljeglaskulaer det grunn til optimisme. Vi har både håp og tru om at vi er ferdige med nedbemanningar, og må vere førebudd på ein ny oppsving, seier han.

Snorre Expansion er ei svær milliardutbygging som Florø-miljøet har jobba for å få ein del av i mange år.  Forsyninga til dette prosjektet skal gå ut frå Florø, har Statoil tidlegare slått fast: Får Snorre-forsyning

God aktivitet i 2017

Allereie no har basen i Florø større aktivitet enn forventa.

- For tida har vi grei aktivitet i samband med leiteboring, og vi ser positivt på tingenes tinstand. Faktisk har vi høgare aktivitet i år enn forventa. Vi har hatt tilnærma kontinuerleg levering til to av Statoil sine flyteriggar, og det set vi stor pris på.

Men aktiviteten på Norges største oljebase målt i areal har gått ned, stadfestar han.

- I forhold til 2014/2015 gar aktiviteten gått ned med 25 prosent, målt i tonn. Og vi hadde 570 årsverk 1. januar 2017, mot 620 på det meste tidlegare, seier Stavøstrand.

Til hausten kjem det to nye aktørar på plass i Florø; Bayerngas og Wellesley Petroleum. Dei skal drive leiteboring frå Florø.

Vindmølle-aktivitet

Dei 44 vindmøllene som skal settast opp å Guleslettene er planlagt skipa over basen i Florø.

- Her er det snakk om 16.000 tonn med materiale og utstyr som skal via bsen. Det er store dimensjonar, men vi har kranene og logistikken som skal til, seier Stavøstrand til INC Nytt.

Zephyr har planlagt å ta i land dei største konstruksjonane på Fjord Base i Florø, medan vengene på turbinane er tenkt ilandført frå ro-ro-fartøy på Indrehus i Bremanger, har selskapet tidlegare opplyst til Firdaposten:  Planlegg byggestart i 2018

Investeringskostnaden er rekna til 1,6 mrd. kroner og anleggsperioden skal etter planen strekke seg frå 2. kvartal i 2018 til 4. kvartal i 2019. Anlegget skal etter planen vere i full produksjon i 2020.

Statoil skal tilsette

Samstundes melder Statoil at dei i Norge skal tilsette meir enn 50 nye fagfolk kvart år framover.

- Statoil planlegger å rekruttere meir enn 50 fagarbeidarar årleg framover, for å sikre at selskapet har rett kompetanse og kapasitet på norsk sokkel. Det har blitt teikna eit uheldig bilde av at industrien har stansa opp, på grunn av prosessane vi har vore gjennom dei siste åra, seier personaldirektør Aksel Stenerud i Statoil til Stavanger Aftenblad.

Dei vil no starte rekruttering av hovudsakleg nyutdanna lærlingar, eksaminert mellom 2014 og 2017.

Det er spesielt innan prosessteknikk Statoil treng folk, og allereie i løpet av året skal dei tilsette 50 prosessteknikarar, og fem innan mekanisk, logistikk, automasjon og elektro.

Statiol har tilsett svært få sidan oljekrisa slo inn i 2014. Mot slutten av 2015 inviterte dei 20.000 tilsette til å søke sluttpakke, og mellom 2012 og 2017 har dei kutta rundt 5000 tilsette. Og over dei neste tre åra skal offshorestaben reduserast med 600.

- Framover vil det slutte fleire ved naturleg avgang enn det vi skal tilpasse og nedbemanne med dei neste åra. I tillegg har vi mange nye prosjekt som krev oppbemanning, forklarar Stenerud til Aftenbladet.

Artikkeltags