Stor oljelekkasje ved Fjord Base - gutegjeng står truleg bak

Politi, brannvesen, entreprenør for baseutbygginga og representant for eigar Fjord Base er på staden onsdag.

Politi, brannvesen, entreprenør for baseutbygginga og representant for eigar Fjord Base er på staden onsdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Den same gutegjengen som har stått bak eldspåsettinga på Rota og på Fjord Base, har mest truleg også forårsaka store miljøskader på den nye oljebaseutbygginga ved Perholmen.

DEL

Onsdag føremiddag er politiet på plass på Perholmen, på den nye delen av oljebasen i Florø.

Det er no oppdaga ein større lekkasje av dieselolje frå ein tank som står på baseområdet.

Store mengder olje har rent ned i grunnen og ut i sjøen.

Politiet gjer åstadsundersøkingar no klokka 11.45. Flora kommune blir varsla for igangsetting av miljøtiltak.

Det er synleg oljesøl i sjøen, og truleg store miljøskader på staden.

Gutegjeng på sju

I etterforskinga av brannen på Rota og branntilløpet på Fjord Base, har politiet fått informasjon om at det kan vere dei same gutane som står bak oljelekkasjen som stod bak brannen på oljebasen 1. august.

Det er ein gutegjeng på totalt sju tenåringar som har vore involvert.

Dei har truleg opna oljetankar då dei var på basen 1. august, og latt dei stå opne. Dieselolje kan dermed ha lekt ut i terreng og sjø sidan denne datoen.

Kunne blitt katastrofalt

Gutane stod også bak eit branntilløp på basen denne datoen. Det var opne flammer på staden, og dette kunne fått katastrofale følger.

Politiet opplyser til Firdaposten at det skal vere snakk om store verdiar og store miljøskader.

Torstein Fjellanger ved Flora politistasjon er på staden onsdag.

Torstein Fjellanger ved Flora politistasjon er på staden onsdag. Foto:

Wenke Hope ved Flora politistasjon fortel til Firdaposten at dei har ein god dialog med gutane, og vil halde fram etterforskinga.

Tre tankar er tappa

Oppdatering kl. 12.20: Flora brannvesen, politi, Fjord Base og entreprenør Jim Helldal er no til stades på Fjord Base.

Det viser seg at det er heile tre tankar som er tappa.

To tankar med minst 700 liter spillolje og minst 150 liter med gammal diesel som skulle leverast inn for miljøhandtering er begge tappa tomme.

Så over 850 liter spillolje og diesel har dermed runne ned i grunnen på det nye baseområdet. 

Flora brannvesen skal no grave i grunnen for å forsøke å finne ut kor store skadene er.

– Vi veit ikkje enda kor stort omfanget er, eller kva vi skal gjere for å rydde opp etter lekkasjen, seier Kurt Ask i Flora brannvesen.

Det som er sikkert er at oljen må fjernast, før den lek ut i sjøen. I området der tankane står er det sjø på tre sider.

Brannvesenet ventar no på miljørådgjevar Kaja Standal Moen frå Flora kommune, for å diskutere korleis ein skal få fjerna oljen frå grunnen.

Har to alternativ

Det er to alternativ for å rydde opp etter denne oljelekkasjen. Enten må ein ha inn maskiner som grev opp heile grunnen og fjernar oljen. Eit anna alternativ kan vere ein type kjemikalievask. Uansett vi dette føre til store kostnader.

I tillegg er det ein 1.000 liters tank med dieselolje som er opna, og som har lekt ut i vatnet. Denne tanken er ein del av eit gammalt oppdrettsanlegg som ligg i fjorden ved basen, og har ikkje noko med Fjord Base å gjere. Dei veit ikkje kor mykje olje som faktisk var i denne tanken, og kor mykje som kan ha hamna i vatnet.

Det ligg synleg olje i sjøen.

Det ligg synleg olje i sjøen. Foto:

Artikkeltags