Over hundre misser jobben

Den trykte stemninga var til å ta og føle på då allmøtet var slutt.

Den trykte stemninga var til å ta og føle på då allmøtet var slutt. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Saga Fjordbase skal gjennom ein tøff nedbemanningsprosess i 2015.

DEL

På allmøte hos Saga Fjordbase i Florø måndag ettermiddag fekk dei tilsette den tunge beskjeden.

LES OGSÅ: - No kjem den tøffaste tida

LES OGSÅ: - Dette kjem til å merkast i Flora

På grunn av fallande oljeaktivitet og tap av kontrakter må bedrifta gjennom ein tøff nedbemanningsprosess.

Dei tilsette har lenge venta på dommen etter at det vart klart at Saga Fjordbase tapte Statoil-kontraktene til NorSea Group:

Saga Fjordbase misser rørhandteringa 

Tilsette vil misse jobbane sine

120 må gå?

Av dei mellom 180 og 190 årsverka vil nærare 120 personar truleg misse jobben.

- I dag sysselset Saga Fjordbase mellom 180 og 190 årsverk inkludert innleigde og personell frå FTA. Bortfall av aktivitet gjer at bedrifta ved utgangen av 2015 vil kunne sysselsette mellom 60 og 70 personar, seier konserndirektør i INC Invest As, Geir Johannessen, i ei pressemelding.

- Bedrifta samarbeider no med dei tilsette sine organisasjonar for å begrense omfanget av personar som må forlate bedrifta, seier Johannessen.

Bakgrunnen for nedbemanninga er tap av kontraktene for Statoil, i tillegg til den generelle aktivitetsnedgangen innan oljerelatert verksemd.

Betydeleg omstilling

- Betydeleg omstilling vil finne stad i bedrifta i løpet av 2015. Dette skuldast generell nedgang innan oljerelatert verksemd, redusert og til dels stopp i boreoperasjonar utanfor kysten av Florø, og bortfall av aktivitet som skuldast kontraktene vi har hatt for Statoil, seier Johannessen.

Han presiserer at Statoil-kontraktene framleis skal utførast i Florø og på Fjord Base, men då av ei anna bedrift.

Les meir: Saga Fjordbase misser rørhandteringa

  – Ingen «Kristiansund-invasjon»

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags