- Dette er ikkje lekkasje, men hærverk

Konserndirektør i INC, Geir Johannessen.

Konserndirektør i INC, Geir Johannessen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

- Vi ser alvorleg på denne hendinga, seier konsernsjef Geir Johannessen i INC Gruppen.

DEL

Onsdag blei det oppdaga oljelekkasje på det nye baseområdet som er under opparbeiding på Perholmen i Florø.

Det er truleg dei same ungdommane som stod bak eldspåsettinga der som står bak.

Ein tank på 700 liter spillolje og ein tank på 150 liter med gammal diesel som skulle leverast inn for miljøhandtering er begge tappa tomme.

- Hærverk

- Dette har blitt sluppe ut og har rent ned i grunnen på Perholmen. Det er ikkje snakk om ein lekkasje, men om hærverk, seier konsernsjef Geir Johannessen i ei pressemelding.

- Vi ser alvorleg på hendinga og vi følger Helldal AS sin dialog med miljømyndigheitene, brannvesen og politi vidare, seier Johannessen.

Oljen som er sluppe ut av tankane ligg på eit lite og avgrensa område ytst på Perholmen. Så langt ser det dermed ut som skaden er handterbar, og den vil bli rydda opp i.

- Området er under utbygging ved entreprenør Helldal AS. Området er ikkje tatt i bruk av Fjord Base AS eller Saga Fjordbase AS. Området ligg også utanfor det sikra området til basen, opplyser INC Gruppen.

50 liter i sjø

Saken er tatt opp med entreprenør Helldal AS, som saman med miljømyndigheitene og Flora brannvesen ser på korleis dei skal rydde opp etter hendinga. Helldal sine tilsette var på fellesferie då hærverket vart utført.

Dieseloljen som ligg i havet kjem fra fôrflåten som ligg ved Fjord Base. 100- liters tanken som blei opna var tidlegare tømt til beste evne, og teknisk ansvarleg anslår at det var om lag 50 liter dieselolje på tanken då den blei opna.

Artikkeltags