– Landstraum er eit viktig steg i retning av utsleppsfri sjøtransport, og derfor er det veldig positivt at det er interesse for å bygge ut landstrømanlegg også i ei tid der koronasituasjonen pregar marknaden. Dette er eit tydeleg signal til reiarane om at omstillinga til lavutsleppssamfunnet held fram med uforminska kraft, seier marknadssjef Astrid Lilliestråle i Enova.
– Prosjekt som disse legg til rette for skipsfart og næringsliv med låge utslepp, noko vi er avhengig av for å nå klimamåla vi har sett oss. Godt samarbeid mellom offensive aktørar og støtte frå Enova gjer at det blir stadig vanlegare for skip å kople seg til landstraum når de ligg til kai, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Fjord Base AS får 1,6 millionar kroner til landstraum på kai C. Aurland Hamnevesen får 27 millionar til landstraum i Flåm. Havnekraft AS får 25,3 millionar til Garpeskjær i Haugesund, og Harstad Havn KF får 2,3 mill. til Stangnes i Harstad.
Landstraumanlegga skal vere oppe og gå seinast 1. juli 2022.
Frå før av har Florø Hamn fått støtte til landstraumanlegg på Fugleskjærskaia. Dette prosjektet er ein i full gang med å realisere.

Hamnesjefen gler seg over millionløyving: – Eg jubla då eg fekk beskjeden!
Støtter nødvendige tiltak både på sjø og land
– Mange hamner tilbyr allereie landstraum, og i årene som kjem vil det bli stadig fleire anlegg langs heile kysten. For dei aller fleste rederia vil det vere pengar å spare ved å ta i bruk landstraum, også når det er tilgjengeleg på berre nokre av anløpa. Enova bidreg no til å bygge ein levedyktig lademarknad gjennom økonomisk støtte til både utgreiing og bygging av nye anlegg samt tilrettelegging av fartøy, seier Lilliestråle i Enova.
I mai støtta Enova 18 forprosjekt som skal greie ut moglegheitene for å etablere infrastruktur for landstraum. Parallelt med dagens tildeling til utbygging kunngjer Enova nye søknadsrundar både for forprosjekter og infrastruktur.