Fjord1 takkar for god hjelp under ferjebrannen

Jubelår: Medan det har storma rundt eigarskapen har konst. direktør Andre Høyset og medarbeidarane i Fjord1 sikra nye kontraktar verdt 10 mrd. kroner til transportselskapet med hovudkontor i Florø.  Arkivfoto

Jubelår: Medan det har storma rundt eigarskapen har konst. direktør Andre Høyset og medarbeidarane i Fjord1 sikra nye kontraktar verdt 10 mrd. kroner til transportselskapet med hovudkontor i Florø. Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Fjord1 ønskjer å takke alle private og offentlege instansar for god hjelp under ferjebrannen fredag.

DEL

Det seier driftsdirektør André Høyset i Fjord1 i ei pressemelding laurdag. 

Alle passasjerane har fått tilbod om overnatting. Laurdag blir det arbeidd med å få sett i land køyretøy som framleis er om bord i ferja.

Fredag 17.august klokka 19.35 fekk bilferja M/F Eid maskinhavari med etterfølgjande røykutvikling. Fartøyet, som trafikkerer ei turistrute på Lysefjorden i Rogaland, var på dette tidspunktet i nærleiken av «Preikestolen».

Ingen passasjerar eller mannskap kom til skade under hendinga, og alle vart evakuert. Ferja hadde eit mannskap på fem personar, og det var 49 passasjerar om bord. Naudetatar vart tilkalla og passasjerane fekk transport til Forsand med båtar som var i området. M/F Eid fekk slep til Forsand.

Utleigd Fjord1-ferje i brann i Lysefjorden 

M/F Eid blir rutinemessig undersøkt neste veke for å finne årsak til havariet.

Ferja er bygd i 1978, har ein passasjerkapasitet på 146, og kan ta 35 personbileiningar (PBE). M/F Eid er for tida utlegd frå Fjord1 ASA til The Fjords DA for operasjon i Lysefjorden. The Fjords DA har inntil vidare sett inn ein passasjerbåt i sambandet.

Artikkeltags