Utleigd Fjord1-ferje i brann i Lysefjorden

Det såg dramatisk ut på Lysefjorden.

Det såg dramatisk ut på Lysefjorden. Foto:

54 personar evakuerte av fritidsbåtar frå Fjord1-ferja MF Eid.

DEL

Det har i kveld brote ut brann på Fjord1s bilferje EID. Det melder Hovudredningssentralen for Sør-Norge (HRSSN) på Twitter.

Naudetatar, helikopter og andre båtar er varsla, og litt før klokka 20:30 fredag kveld melder Hovudredningssentralen at alle passasjerane er evakuert til fritidsbåtar i området, melder Firda.

Ikkje personskade

Ifølgje Hovudredningssentralen er brannen ikkje under kontroll.  Alle passasjerane er sendt til Oanes der dei vert mottekne av mannskap frå politiet og helsevesen. Det skal ikkje vere meldt om personskadar.

– Eg kan stadfeste at vi har fått melding om brann i Fjord1-ferja Eid som er leigd ut for å frakte turistar på Lysefjorden. Meir veit eg ikkje, sa Tor Kristoffersen som er regionleiar i Fjord1 til Firda klokka 20:33.

Mykje røyk

Klokka 20:50 melder Hovudredningssentralen at alle som var om bord er evakuerte og at ferja er under slep. Men brannen er ikkje under kontroll.

Klokka 21:23 melder HRSSN at det var 49 passasjerar og eit mannskap på 5 ombord då brannen braut ut.

Til VG seier operajonsleiar Helen Rygg i Sør-Vest politidistrikt følgjande.

– Vi står klare på Oanes kai saman med ambulansepersonell for å ta imot dei evakuerte. Det er sagt at det er veldig mykje røyk, og at ein ikkje kan sjå ferja.

M/F Eid vart bygd i 1978 for dåverande Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Dette er ikkje første gong at bilferja Eid har hatt problem. I oktober 2014 køyrde ho på land ved ferjekaia på Fure, og i august 2015 vart Eid slepa til kai i Værlandet ved hjelp av ein traktor:
Berga ferja - med traktor! 

Artikkeltags