Vil offentleggjere Fjord1-dokument

Neste veke startar Fylkesrådmann Tore Eriksen med arbeidet med å gje meir innsyn i dei hemmelege Fjord1-dokumenta.

Neste veke startar Fylkesrådmann Tore Eriksen med arbeidet med å gje meir innsyn i dei hemmelege Fjord1-dokumenta. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Neste veke startar fylkesrådmann Tore Eriksen med arbeidet med å gje meir innsyn i dei hemmelege Fjord1-dokumenta.

DEL

Fylkesrådmannen har fått mykje kritikk for å ha hemmeleghaldet og sladda fleire av dokumenta i Fjord1-sakene. Fredag skriv han i ei pressemelding at han, i samarbeid med Torghatten, skal rydde opp.

– Fjord1-prosessen er no inne i ein ny fase og det vil bli gjort ein ny gjennomgang av dei sentrale dokument i saka. Dette inneber at vi mellom anna vil vurdere om vi kan offentleggjere og publisere dokument frå slutthandsaminga i 2015, skriv han i pressemeldinga.

Les også: Slik sladda dei dokumenta svarte

November 2015 bestemte fylkestinget i Sogn og Fjordane seg for å selje sine aksjar i Fjord1 til konkurrenten Torghatten. 28. august vedtok eit samrøysta fylkesting å selje til Havila-konsernet og reiar Per Sævik.

Fylkeskommunen eig no 59 prosent av aksjane, medan Per Sævik og Havila-konsernet eig 41 prosent.

I etterkant starta ein ny debatt om handteringa av Fjord1-dokument som tidlegare har vore skjerma for innsyn.

Skal gjere ein ny dokumentgjennomgang

Allereie i november 2015 bad fylkesutvalet fylkesrådmannen om å gjennomgå dei sentrale dokumenta knytt til salet av aksjane. Målet var at det aller meste skulle gjerast offentleg.

Les også: Konsulentane har kosta 16,5 millionar kroner

– Vedtaket har vore følgd opp i to omgangar, der dokument vart offentleggjorde og publiserte heilt eller delvis. Nokre få av desse blei likevel sterkt skjerma. Desse vart på seinare tidspunkt publiserte etter ønske frå media, sjølv om dei berre viste avsendar, mottakar og overskrifter, skriv Eriksen.

Kvifor dokumenta ikkje vart offentleggjorde forklarar fylkesrådmannen med at dei inneheldt konkurransesensitiv informasjon.

– Om opplysningar kan vere offentlege eller ikkje endrar seg også over tid, og vi er no inne i ein ny fase, skriv Eriksen og seier tida no er inne for å gjere ein ny dokumentgjennomgang. 

– Skjerminga varetar selskapa, ikkje fylkeskommunen

Fylkesmannen poengterer og at dei fortrulege dokumenta som er skjerma for innsyn, er for å vareta selskapa sine legitime interesser og ikkje fylkeskommunen sine.

– Derfor må vi i slike tilfelle få aksept og eller samtykke for den offentleggjering vi legg opp til. Arbeidet med dette vi starte i veke 37 og vil ikkje ta mykje tid. Noko «sluttdato» er det likevel ikkje mogleg å gje.

Fylkesrådmannen tek sikte på å informere fylkesutvalet 28.09.16 om kva som så langt er gjort og kva vi ev. må arbeide vidare med.

Artikkeltags