Fjord1, då Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, flytta i 1988 hovudkontoret frå Bergen til Florø.
No vil fergerederiet igjen etablere seg i vestlandshovudstaden.

-  Vi har fått så mykje å gjere i Hordaland at vi er nødt til å vere på plass i Bergen. Det blir ein organisasjon på rundt 15 personar, seier konsernsjef Dagfinn Neteland til Bergens Tidende.

Han avviser at Fjord1 er i ferd med å flytte hovudkontoret frå Florø.

– Men kvar dei tilsette fysisk held til er meir fleksibelt enn tidlegare. Vi vil ha fleire prosjektstillingar, og fleire vil vere på reise. Det gir også hovudkontoret ein meir fleksibel funksjon enn tidlegare, seer Neteland til BT.

Rederiet skal no leite etter kontorlokale sentralt i Bergen, og etter sommarferien vil dei starte med å rekruttere medarbeidarar til Bergens-kontoret.

LES OGSÅ: Avslutta Fjord1-eigarskap med telefonmøte. No er dei uroa for Florø-arbeidsplassane.

Nye samband

Det skjer mykje i ferjeselskapet no.

Det skal børsnoterast i løpet av sommaren: Havilafjord vil ta Fjord1 på børs

Og i førre veke meldte Fjord1 at dei hadde fått anbodet på drift av dei to største ferjesambanda på Sunnmøre; Hareid - Sulesund og Sykkylven - Magerholm. Dette er to av dei største ferjesambanda i landet, og Fjord1 skal operere sambanda med totalt fem nye ferjer, med plass til 120 bilar i kvart fartøy.

– Særleg gledeleg er det for Fjord1 at vi etter 19 år kjem tilbake på sambandet Hareid-Sulesund, samstundes som vi held fram operasjonen på Sykkylven-Magerholm, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, i ei pressemelding.

Skal bygge grøne ferjer

Dei fem nye ferjene som Fjord1 har bestilt er miljøvennlege, og skal alle nytte null- og lågutsleppsteknologi.

– Fjord1 er svært glade for denne kontrakten. Vi ser fram til å ta fatt på operasjonen med nye, innovative og miljøvennlege ferjer på desse to sambanda i 2019 og 2020, seier Neteland.

LES OGSÅ: Fjord1-resultat på 97 millionar første kvartal i år