Døypte nr. 11 av 25 nye el-ferjer

Fjord1 døypte ferja MF "Giskøy" i Florø. Gudmor var Berit Brendskag LIed, regionvegsjef i Statens vegvesen - region midt. Adm. dir. Dagfinn Neteland leia seansen.

Fjord1 døypte ferja MF "Giskøy" i Florø. Gudmor var Berit Brendskag LIed, regionvegsjef i Statens vegvesen - region midt. Adm. dir. Dagfinn Neteland leia seansen. Foto:

FLORØ: – Vi er det leiande ferjereiarlaget i landet og i løpet av året vil vi ha 85 fartøy i drift. Det er alltid kjekt å døype nye båtar. 

DEL

Adm.dir. Dagfinn Neteland og leiarstaben kjem til å utvikle spisskompetanse på å feire ferjedåpar. Dei blir det mange av i 2019. Det står att 14 i løpet av ni månader.

– Det er alltid kjekt å markere at ein ny båt er klar til drift. Det er mange kollegaer i Fjord1 her på kaia som er stolte i dag. Elles er det kjekt at så mange frå byen er med for å oppleve dette, understreka Neteland før seremonien starta.

13 ferjer frå Leirvik

MF “Giskøy” er det tredje fartøyet som stillegåande og miljøvennleg skal frakte folk mellom Hareid og Sulesund. Det er den sjette båten av ein serie på 13, som Havyard-verftet i Leirvik i Sogn skal levere.  

– I løpet av nokre få år vil nesten heile ferjenæringa, som tel kring 220 fartøy, vere elektrifisert og miljøvennleg. I løpet av 2019 vil næringa telje kring 100 elektrifiserte ferjer. Det er spennande og det skjer takka vere styresmaktene og Statens vegvesen. Dei har vore flinke, har sett miljøkrav og næringa har levert. Med nye krav så har leverandørane levert. Takka vere Statens vegvesen er Norge langt framme på dette feltet. 

    Stas,sveler og vaiande flagg då MF «Giskøy» vart døypt i Florø.

    Resolutt gudmor

    Gudmor, Berit Brendskag Lied, direktør for Statens vegvesen i region Midt, takka for rosande omtale ved å utføre gudmorgjerninga og sjampanje-knusinga med imponerande handlekraft. Ho hadde ikkje behov for ein dronning Sonja-kvote på fem forsøk for å knuse flaska i skipssida.  

    Etter seremonien vart alle frammøtte invitert på svele og kaffi og omvising frå motorrommet nede og til brua på toppen. Dei tilsette vil få ein god, moderne og "grøn" arbeidsplass. Motorrommet og batteri-romma minner meir om ein kraftstasjon enn eit maskinrom.

    Krevjande nybyggingsprogram 

    Firdaposten fekk omvising og ein prat med sjef for nybyggingsprogrammet i Fjord1, Arild Austrheim. Han tek seg av bygginga av båtane og arbeider i tospann med kollega Svein Olav Senneset, som tek seg av personallogistikken i nybyggingsprogrammet. 

    Sjef for nybygg Arild Austrheim i samtale med Trond Strømgren i motorrommet- der dei elektriske motorane blir styrt.

    Sjef for nybygg Arild Austrheim i samtale med Trond Strømgren i motorrommet- der dei elektriske motorane blir styrt. Foto:

    – Vi får levert 25 nye elektriske ferjer i løpet av to og eit halvt år. Den første ferja var bestilt til våren 2016 og den siste blir levert no i slutten av året. Det har vore ein hektisk periode. Både krevjande og spanande for oss i teamet som jobbar med nybygg, forklarer Austrheim.  

    - Kva kontraktsverdiar snakkar vi om?

    – Det er nok fire til fem milliardar kroner totalt sett, så det er store verdiar.

    - Det blei også sagt de faktisk kjem opp i 30 elektriske fartøy i år?

    Ja, vi skal bygge om fem frå tradisjonell dieseldrift ved å hive ut dei gamle dieselmotorane og elektrifisere dei. Det skal også skje i løpet av 2019.

    Elektrifisering tek over

    - Er ferjer som går på LNG-gass på veg ut?

    – Vi har framleis løpande kontrakter der det går LNG-ferjer. Men i dei nye anboda blir det kravd høg elektrifiseringsgrad. I nokon kontrakter vil dei ha reine el-ferjer, medan i andre er kriteria slik at for å vinne anbodet må du ha høg elektrifiseringsgrad. 

    - Kor tid vil hydrogen som drivstoff vinne fram i bransjen?

    Den første utviklingskontrakten for hydrogenferje er tildelt. Vi jobba hardt med det anbodet, men vann desverre ikkje fram. Uansett vil den første hydrogenferja vere i drift i 2021. Det vil  komme ei utvikling mot å ta i bruk hydrogen, men ein greie ut kva samband som eventuelt kan eigne seg. Det vil komme, men dei vil ikkje erstatte elektriske ferjer i vesentleg grad i eit 10-15 års perspektiv.

    - Eignar hydrogen seg best for lange ferjesamband? 

    - Hydrogen eignar seg godt for høg fart og stort energibehov. Samband med lang avstand eller at det av infrastruktur-årsaker ikkje er mogleg å elektrifisere drifta. Det kan vere at det til dømes ikkje finst nok elektrisk kraft der ferja skal gå. Hydrogen krev ein annan måte å lagre og bunkre energi på. Truleg blir energien dyrare med hydrogen, men ein kan frigjere seg frå dette med fysisk opplading elektrisk når ferja ligg i land. Eg trur hydrogen kan bli viktig for sjøtransport i høg fart, lange avstandar og med høgt energibehov.

    Artikkeltags