Sakna turgåar funnen død

Mannen som søndag kveld vart meld sakna i fjellområda Sloppen og Yndestadfjellet i Fjaler kommune er funnen død.

DEL

– Det er ikkje noko som tyder på at sakna er utsett for noko kriminelt, og hendinga står fram som ei ulykke.

Det skriv operasjonsleiar Stein Rune Ø. Halleraker i Vest politidistrikt i ei pressemelding måndag morgon.

Den sakna er mann med utanlandsk statsborgar. Pårørande er enno ikkje varsla og identiteten er derfor ikkje offentleg. Fjaler kommune opprettar kriseteam. Saka vil bli etterforska av politiet.

Mannen vart funnen natt til måndag to minutt over eitt i terrenget i området der det vart søkt.

Leiteaksjon etter turgåar i Fjaler 

Artikkeltags