Søker med helikopter og dykkarar etter mann som fall over bord

MANN SAKNA: Det er sett i gang eit stort søk både på land, på vatn og frå lufta, etter at ein mann blei meld sakna etter at å ha falle over bord frå ein fritidsbåt i Dalsfjorden. FOTO: FIRDA

MANN SAKNA: Det er sett i gang eit stort søk både på land, på vatn og frå lufta, etter at ein mann blei meld sakna etter at å ha falle over bord frå ein fritidsbåt i Dalsfjorden. FOTO: FIRDA Foto:

Av
DEL

Hendinga skal ha skjedd ved Bjerganeset i Sunnfjord, melder Vest politidistrikt klokka 12.47 torsdag ettermiddag.

Politiet melder at mannen har falle over bord frå ein fritidsbåt, om lag 200 meter frå land.

– Redningshelikopter frå Florø søker i området. Redningsskøyta og dykkarar er på veg til staden, melder politiet.

Flora Røde Kors er også med i redningsaksjonen.

Avsluttar helikoptersøk

– Status er at ein person er sakna. Situasjonen er uavklara og vi går ut breitt. Vi kan ikkje utelukke at den sakna har kome seg på land sjølv, og vi søkjer difor også langs land, seier redningsleiar Jørn Magnussen ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge til Firda. Det er HRS som koordinerer leitinga.

Klokka 14.35 melder Vest politidistrikt at søk med helikopter vert avslutta.

– Overflatesøk og strandsøk vil halde fram. Røde Kors stiller med båt og vasscootarar, skriv politiet på Twitter.

To barn i båten

Bergens Tidende melder at det var to barn ombord i båten som mannen fall i frå. Det var folk i andre båtar som oppdaga at der var problem. Det er ikkje kjent kor gamle borna er.

Dei blir tekne vare på av familien og er uskadde.

– Det er barnas far som er sakna. Kommunen sitt kriseteam er varsla, og følger opp familien, skriv politiet på Twitter.

Politiet er på staden og søker langs strandkanten. Foto: Erik Hovland, Firda

Politiet er på staden og søker langs strandkanten. Foto: Erik Hovland, Firda

Artikkeltags