For første gong har havforskarar påvist sjukdommen mykobakteriose, også kalla fisketuberkulose, i makrell. Sjukdommen har potensial til å smitte menneske.

Sjukdommen er mest vanleg hos oppdrettsfisk, og havforskarar har visst lite om førekomsten i villfisk, skriv Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

Dei fleste sjukdommar hos fisk kan ikkje smitte over til menneske, men fisketuberkulose har likevel potensial til det.

For få år sidan byrja Havforskingsinstituttet å få inn bilete av makrell med unormale nyrer frå fiskemottaka som kvalitetssjekkar fisken. No kan dei slå fast at den hittil ukjende nyresjukdommen i makrell er fisketuberkulose.

Det er ukjent kor breitt omfanget er, og havforskarane får framleis inn rapportar om makrell med nyresjukdom.

(©NPK)