Ringnotbåt i kantra flytedokk

Ei flytedokk kantra fredag morgon på skipsverftet i Hirtshals. Austevollbåten "Hardhaus" fekk hard medfart.

DEL

– Dette er ein veldig kjedeleg situasjon, og vi veit ikkje korleis det går med båten, sier Inge Møgster til BA.

Møgster reiste til Hirtshals, der båten skulle klassast og malast.

Fleire danske medium melder om kantringa. Avisa Nordjyske skriv at ingen personar var inne i den 82 meter lange flytedokken då ulykke skjedde.

– Det har trengt inn mykje sjø i både maskinrom og i innredeiinga. Det vil gå ein lang periode før båten kan brukast igjen, sier Inge Møgster i rederiet til BA.

Artikkeltags