– Vi kritiserer ikkje Fiskeridirektoratets arbeid

Henriette Skaar, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Henriette Skaar, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Foto:

– Direktoratet sin kritikk av vårt utspel om fiskerihamner er dessutan eit sidespor i saka.

DEL

Det seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Henriette Skaar. Saka handlar om at fiskarlaget ikkje aksepterer at staten vil tildele pengar til fiskerihamner som frie midlar til dei nye regionane. Dei krev at pengane må vere øyremerkte for å vite konkret kva dei kan vente seg av ressursar til nyinvesteringar, vedlikehald og oppdradering av fiskerihamner også i framtida.

Les også:

I saka uttalte Skaar at Kystverket berre tek omsyn til Fiskeridirektoratet sine vurderingar. Det inneber at den faktiske bruken som fiskarane har meldt inn ikkje blir teke omsyn til, med mindre Fiskeridirektoratet meiner det same.

Det meiner seksjonssjef Leni Lisæter i Fiskeridirektoratet er feil.

– Her har fiskarlaget ikkje følgt opp desse sakene godt nok. Vi har følgt tilrådinga frå fiskarane i dei få tilfella vi faktisk har fått dei, påpeikar ho.

Henriette Skaar presiserer at ein er på sidespor her.

– Eg kan ikke sjå at det vart retta kritikk mot direktoratets arbeid, kritikken var retta mot Kystverkets manglande interesse i å ta omsyn til brukarane sine vurderingar av om hamnen er næringsaktiv eller ikkje, presiserer ho.

Lisæter viser til at dei måtte ta i bruk AIS-sporing for å kartlegge aktiviteten i fiskerihamnene i kommunane.

– Dette er mangelfull kartlegging av den grunn at båtar under 15 meter ikkje har pålegg om bruk av AIS, påpeikar Skaar, og viser elles til at påstanden om at det er mange fritidsfiskarar som brukar fiskerihamnene-  ikkje høyrer heime i denne diskusjonen.

Skaar viser til at fiskerinæringa er dynamisk, og at tal fiskarar og fiskebåtar vil endre seg også i framtida. Av den grunn meiner ho at ein kan ikkje fastsetje behovet for fiskerihamner ut frå tal aktive fiskarar i dag. Det må vere ein «reservebank» av fiskerihamner.

Artikkeltags