- Kan ikkje kutte FM utan å sjekke DAB-dekning

Kjell Ingebrigtsen, Norges Fiskarlag

Kjell Ingebrigtsen, Norges Fiskarlag Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Alvorleg og oppsiktsvekkande at styresmaktene vil kutte FM-nettet utan å sjekke DAB-dekninga.

DEL

Leiaren for Norges Fiskarlag er forundra over at styresmaktene ikkje har sjekka DAB-dekninga på sjø. Det er kun gjort målinga på land.

-Vi har fått stadfesta målingane berre blei gjort i ulike terrengtypar på land og ikkje ut over sjø. Dette er høgst betenkeleg, seier Ingebrigtsen.

Dekningsmålingar er dokumentert i denne rapporten .

Ei oversikt hos NRK viser kor tid dei ulike delane av det nasjonale FM-nettet skal slokkast  i løpet av 2017. For nærradioane skal slokkinga skje over ein femårsperiode frå 2017-2022.

Fiskarlagsformannen meiner det nærast er komisk at Norge med si enorme kystlinje og omfattande næringsverksemd inna fiskeri og maritime næringar går over til eit anna system utan å sjekke om det fungerer.

-Eg håpar Kulturdepartementet ser alvoret i denne saka og kjem med ei god avklaring, avsluttar Kjell Ingebrigtsen.

Han viser til at fiskarane er aktive radiolyttarar og brukar FM-sendingane mellom anna til å sjekke vêrmeldingar.

Artikkeltags