Løftar standarden på garnfiskeflåten endå eit hakk

Nye "Stormhav" blir ein veldig brei og innhaldsrik 28-metring levert av Stadyard og designa av Seacon.

Nye "Stormhav" blir ein veldig brei og innhaldsrik 28-metring levert av Stadyard og designa av Seacon. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Bjørnø-karane frå Bremanger tek eit langt steg opp frå fiskeri i open båt til kystens flottaste garnfiskebåt.

DEL

– Vi ønsker å utvikle ei moderne fiskeribedrift med 20 tilsette, fordelt på to skift. Læringar kjem i tillegg. Vi klarer ikkje å halde ut i dette yrket med å fiske i open båt. Då er vi ferdige når vi er 50, forklarer skipper Jon Atle Bjørnø til Firdaposten.

Nybygget skal sikre betre arbeidsforhold om bord og dei tek høgde for at det skal vere plass til lærlingar og at dei kan ha med havforskarar med seg på fiskefelta. Reiarlaget har no base på Sørøya i Finnmark, men har bygd seg sakte opp med kystsjarkfiske opphavleg med base i Svelgen/Bremanger. 

No har dei signert kontrakt med Stadyard på Raudeberg og båten skal leverast i oktober 2019. 

«Stormhav» er designa og utvikla av Seacon as i Måløy og skal utrustast for kombinert garn- og linefiske.

Nye Stormhav

Lengde o.a.: 27,99 meter

Bredde: 9,50 meter

Dybde til hoveddekk: 4,60 meter

Fryse/isa lasteromskapasitet: 206 m3

Brennolje: 90 m3

Innredning arrangert for 14 personer

Seacon har over lang tid jobba saman med Stormhav for å utvikle et optimalt fartøy som er tilpassa den drifta reiarlaget ønsker seg. Realiseringa av den nye båten er del av utviklinga vi har sett i garnfiskeflåten i Flora og Bremanger siste åra med nye "Grotle", "Fanøyvåg" og sist "Brevik junior". Installasjon av fryseri/fabrikk om bord gjer at fiskarane kan auke kvaliteten på råstoffet og stå friare i høve sal av fiske til kjøparane.

Det er vidare lagt stor vekt på sikkerheit og komfort for mannskapet.

- Dette er nybygg nummer 20 med Seacon-design, og nybygg nummer seks med Seacon-design fra Stadyard/Blaalid. Seacon har i fleire år jobba med utvikling av nye konsept for denne type fartøy. Den har mange likhetstrekk med større kystfartøy som Seacon har designa tidlegare. Denne kontrakten er ei stadfesting på at Seacon har ein leiande posisjon innen design av fiskefartøy, seier Rune-Stian Nybakk, daglig leder i Seacon AS.

Stadyard AS er et kombinert nybyggings- og reparasjonsverft lokalisert i Måløy. Sidan overtakinga av verftet i 2012 har Stadyard hatt ei fin utvikling og skal no levere nybygg nummer fem. Kontrakten er viktig for deltakarane i det maritime clusteret Måløy Maritime Group.

Artikkeltags