Med denne gjer kalvågaren sognekommunen Lærdal til fiskerikommune

Nye Frøyhav ser slik ut på teiknebrettet. Denne vil gjere sognekommunen Lærdal til fiskerikommune.

Nye Frøyhav ser slik ut på teiknebrettet. Denne vil gjere sognekommunen Lærdal til fiskerikommune. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Eivind Olav Larsen kjem til å drifte den nye Frøyhav ut frå eigen base i Lærdal i Sogn.

DEL

I fjor selde reiarlaget Frøybas i Kalvåg ut begge notfartøya sine med kvôtar, og aksjonærane byrja å sjå seg om etter anna arbeid. Men før dette skjedde hadde Frøybas-reiarlaget kontrahert ein ny 11 meter lang sjark til kring 10 millionar kroner. Dette prosjektet er no overteke heilt av ein av eigarane, Eivind Olav Larsen. Av familiære årsaker busette han seg i Lærdal for fire år sidan og trivst godt med det.

Positivt motteken

Eit søk i fartøyregisteret til Fiskeridirektoratet på Lærdal gir ingen treff, men det vil det bli etter kvart – når Frøyhav kjem i drift neste år.

– Eg blir møtt med positivitet og god draghjelp frå kommunen her, mellom anna då eg fekk plassert ein flåte med lager her i Lærdal. Men eg jobbar med å skaffe meg enno meir lagerplass, slik at vi kan halde på med vedlikehald av not og anna bruk når vi ikkje er på sjøen, fortel kalvågaren, som har busett seg litt opp i Lærdal.

– Det er tørt og fint austlandsk klima i Lærdal?

– Ja, det er det. Når eg tek med heim og tørkar fisk så tek det berre halvparten av tida det tek ute på kysten.

Men sjølv om han ofte kan gå tur i berre småsko og skjorte, så vil ikkje Larsen gje heilt slepp på den rå havlufta og fiskeria.

– Då eg flytta kjende eg fort på meg at eg ikkje hadde lyst å gje slepp på fiskarlivet. Eg er for ung til å gje meg med det.

Forlenging med to meter

Nyleg blei bestillinga frå april i fjor på den nye garn-, snurrevad- og notbåten endra. Aluminiumfartøyet skal forlengast til 13 meter lengde, noko som gir meir stabilitet, lasteevne og betre arbeidstilhøve om bord.

Båten skal etter planen overleverast ved nyttår.

– Men det blir ofte noko ekstra på slutten av bygginga, men vi får tru tidsplanen held. I tida fram mot levering tek eg forskjellige jobbar på slepebåt eller fiskefartøy, fortel Larsen.

Då reiarlaget Frøybas AS selde Frøybas og Frøyhav i fjor, vart det att eit sett med kvotar berekna på denne nye. 

Då eg flytta kjende eg fort på meg at eg ikkje hadde lyst å gje slepp på fiskarlivet. Eg er for ung til å gje meg med det.

Eivind Olav Larsen

Eit skift

– Vi blir ein ny gjeng på 3–4 mann om bord og skal ikkje drive med toskiftsordning. Det er det ikkje kvotegrunnlag til. Å drive kontinuerleg er alt for kapitalkrevjande. Vi har nok kvote på sild, makrell, torsk og sei til å drive i sesongar og så legge båten i ro for vedlikehald inn i mellom. Avstanden frå Lærdalsøyri og ut til kysten betyr ingenting når ein skal ut på ein månad lang tur uansett, forklarer han.    

Båten er teikna av GS Design på Sotra i Hordaland. Skroget blir bygd i Finland og skal utrustast ved Martec AS på Sotra.

Utstyrt med kranar og vinsjar, og ein Yanmar 6CXBM med yting på 400 hk og ZF2816IV gir- var prisen på nybygget med 11 meters lengde svært konkurransedyktige 8,6 millionar kroner. Dagleg leiar Gisle Johnsen i Martec ønsker ifølge Kystmagasinet ikkje å opplyse kor mykje prisen blir etter forlenginga.

Artikkeltags