Vestland fylke kan få over 100 fiskerihamner i fanget

Store endringar i hamneorganisering når Vestland fylke blir ein realitet i januar.

DEL

108 fiskerihamner kan hamne på Vestland fylke sine hender om få månader, melder NRK Sogn og Fjordane.

Det er fiskerihamnene som Kystverket no sit på som skal overførast til dei nye storfylka, og rundt halvparten av dei er i dag ikkje i aktiv bruk.

Desse forsøker no Kystverket å selje til dei som måtte vere interesserte, viss ikkje vil også desse hamnene blir fylkeskommunale, skriv NRK.

LES OGSÅ: Fryktar Kalvøya Fiskerihamn kan bli skrinlagt 

Artikkeltags