Måsøval AS har vore i dialog med Regjeringsadvokaten om erstatningskrav etter at lokaliteten Kattholmen vart feildiagnostisert med PD SAV3 i august 2019.
Måsøval AS går til sak mot staten og krev ei erstatning på 29,8 millionar kroner etter ein av lokalitetane deira vart feildiagnostiserte med sjukdommen PD SAV3 i 2019, skriv selskapet sjølv i ei pressemelding.
Før feildiagnosen vart konstatert hadde Måsøval i tråd med regelverket rokke å slakte ut store delar av fisken på lokaliteten, og nabolokaliteten.
Slaktinga som vart gjord på feilmessig grunnlag skal ha ført til større tap for selskapet. Staten har erkjent ansvar for feildiagnosen, men ikkje årsakssamanhengen mellom feildiagnosen og brorparten av det økonomiske tapet, som Måsøval sjølv har påført.
(©NPK)