Strammar inn bruken av lusemiddel i lakseopprett

Fiskeriministeren strammar inn reglane for bruk av legemiddel mot lakselus.

DEL

- Det er stor usikkerheit knytta til miljøeffekta av lusemiddel i oppdrettsanlegg. Derfor strammar vi no inn reglane for bruk av slike legemiddel ut i frå eit føre-var-hensyn, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Dei nye reglane stiller krav til bruk av såkalte bademiddel i anlegg som ligg i reke- eller gytefelt– eller nærare enn 500 meter frå slike anlegg. I slike anlegg kan bademiddel kun nyttast når behandlinga vert gjort i brønnbåt, ikkje i merd med presenning.
Behandlingsvatnet med lusemiddel må deretter transporterast vekk frå anlegget.

Miljø og fiskehelse

Forslaget om å stramme inn reglane var på høyring i fjor haust.

- Vi mottok mange høyringssvar i saka, med svært delte meiningar. Eg har gjort ei vurdering ut frå kva forslaget vil bety for miljøet, og for fiskehelse og fiskevelferd, seier Nesvik.

Frå toppåret 2014 er talet reseptar på badebehandlingsmiddel redusert med 87 prosent.

- Sidan denne problemstillinga kom opp for nokre år sidan, er legemiddelbruken redusert kraftig, seier fiskeriministeren.

Dei nye reglane vil tre i kraft så snart som mogleg.

426 lokalitetar berørt

Ifølge Kyst.no er det 426 lokalitetar som vert berørte av det nye regelverket.

22 av dei ligg i rekefelt, 167 nærare enn 500 m frå rekefelt, og 230 ligg i gytefelt. 259 oppdrettsanlegg ligg nærare enn 500 m frå gytefelt.

Artikkeltags