Ein flokk med skarv lever herrens glade dagar i oppdrettsanlegget - vurderer drone eller laser for å skremme dei vekk

I vinter har ein flokk på 10-15 skarv slått seg ned ved oppdrettsanlegget på Klavelandet. På overvakingskamera har dei observert eit tosifra tal dykkande skarv inne i merdane, og det er også funne døde fuglar som heng seg fast i nettet.