Sel seg ut av leppefisk-produksjon

F.v. Ingvar Osland, Flokenes Fiskeoppdrett, Kurt André Strømmen, K. Strømmen Lakseoppdrett, Nils Tore Karstensen, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Veronica Sandnes, Sandnes Fiskeoppdrett, Elin Tveit Sveen, Marø Havbruk, Steinar Hagesæther, Flokenes Fiskeoppdrett, Geir Karstensen, E. Karstensen Fiskeoppdrett. 
Bak f.v. Kjell Landøy, Landøy Fiskeoppdrett,  Helge Landøy, Landøy Fiskeoppdrett, Terje Standal, styreleiar Sunnfjord Rensefisk AS og Øystein Espeland, Sulefisk

F.v. Ingvar Osland, Flokenes Fiskeoppdrett, Kurt André Strømmen, K. Strømmen Lakseoppdrett, Nils Tore Karstensen, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Veronica Sandnes, Sandnes Fiskeoppdrett, Elin Tveit Sveen, Marø Havbruk, Steinar Hagesæther, Flokenes Fiskeoppdrett, Geir Karstensen, E. Karstensen Fiskeoppdrett. Bak f.v. Kjell Landøy, Landøy Fiskeoppdrett, Helge Landøy, Landøy Fiskeoppdrett, Terje Standal, styreleiar Sunnfjord Rensefisk AS og Øystein Espeland, Sulefisk Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Dei lokale oppdrettarane sel seg ut av produksjonen av berggylt som foregår på Fjord Base i Florø.

DEL

Aksjonærane i Sunnfjord Rensefisk (SR) har selt samtlege aksjar i selskapet til SalMar-konsernet. Det vart i 2014 inngått kontrakt mellom SR og Havlandet Marin Yngel AS (HMY) for ein periode på tre og eit halvt år.

LES OGSÅ:

 

Det er som eit resultat av denne avtalen hausta verdifull kunnskap om oppdrett av berggylt og bruk av denne arten som rensefisk. Tiltaket som SR initierte,  kan komme norsk oppdrettsnæring til nytte i mange år framover og det har vore viktig for å oppretthalde eit kompetansemiljø på oppdrett av marin fisk i Florø.

LES OGSÅ:

Styreleiar Terje Standal i Sunnfjord Rensefisk forklarer litt om bakgrunnen for avgjerda.

- Eit prosjekt som dette har gjerne ein lenger utviklingsfase og er meir ressurskrevande enn kva som er forventa ved oppstart. Det verka svært lovande i starten, men ein fekk ikkje resultata like fort som ein hadde håpt på. Oppskaleringa av produksjonen var vanskeleg å få til innafor kontraktsperioden. Vidareutviklinga av verksenda ville kravd investeringstiltak og ytterlegare finansiering og aksjonærane vurderte risikoen ved vidare satsing på oppdrett av berggylt som stor, og har av den grunn valt å avhende verksemda. Ein ser at andre aktørar, som Marine Harvest, som har jobba med dette- har jobba med ein lenger tidshorisont.

- Ligg det nokon avtalar om framtidige kjøp av berggylt for aksjonærane?

- Nei. Nokon av dei er interesserte, men ein har ikkje bunde seg opp til noko, seier Standal.

Sunnfjord Rensefisk er nøgde med at SalMar-konsernet vil vidareføre aktiviteten  med produksjon av rensefisk ved HMY. Lukkast utviklingsprosjektet vil det sikre eksisterande arbeidsplassar og bidra til nye investeringar og etter kvart gir tilgang på oppdretta berggylt også for dei selskapa som etablerte SR i 2014.

Eigarane i Sunnfjord Rensefisk var K. Strømmen Lakseoppdrett AS, Sulefisk AS, Flokenes Fiskefarm  AS, Sandnes Fiskeoppdrett AS , Landøy Fiskefarm AS, E. Karstensen Fiskeoppdrett AS og Marø Havbruk AS.

Artikkeltags