Rømt laks var sjuk

Lakseoppdrett.

Lakseoppdrett. Foto:

Nokre av dei 10.000 laksane som rømte frå Slteriet Brekke i Gulen i helga, hadde fått påvist laksejsukdomen pancreas disease (PD).

DEL

FIRDA: – Fisken var vaksinert mot fiskesjukdomen PD, men har likevel fått påvist viruset, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Fisken er ikkje farlig å ete, men det er usikkert kor stor smittefare den rømte laksen utgjer for villfisk. PD-sjuk fisk er smittefarlig i nokre veker etter at den er infisert.

Smittefarleg

– Der det er gyteklar villaks på veg inn fjordane og opp elvane for å gyte, kan denne potensielt bli smitta, seier forskningssjef Bjørn Olav Kvamme ved avdeling for sykdom og smittespreiing ved Havforskningsinstituttet til Sysla.

PD eller pankreassykdom skuldast eit virus. Sjuke individ har ofte store muskelskader som kan påverke spiserørsmuskulatur, hemme blodsirkulasjonen og påverke svømmeåtferda.

Kor mange av dei rømte fiskane i Gulen som er smitta, er ikkje kjent. Fisken har ei snittvekt på 4 kilo. Slakteriet Brekke AS, som laksen rømte frå, har sett opp gjenfangstgarn og fått pålegg fra Fiskeridirektoratet om å utvide området for gjenfangst.

(NTB)

Artikkeltags