Synnøve er ny fiskehelsebiolog

På kort tid har selskapet Fishguard auka frå ein til tre tilsette i kystbyen.

DEL

For andre gong på kort tid utvidar Fishguard i Florø staben. Fiskehelsebiolog Synnøve Åhjem kjem «heim» etter endte studier i Bergen.

Nyrekrutteringa til fiskehelse- og miljøselskapet Fishguard AS har heldt høgt tempo det siste året, og farten vert opprettheldt inn i det nye. Avdelinga i Harstad har gått frå ein til tre tilsette på under eit år, og i Florø har veteran Jan Arne Holm fått yngre krefter med på laget. Først kom fiskehelsebiolog Thomas Kloster-Jensen inn og no er også Synnøve Åhjem på plass, også ho nyutdanna fiskehelsebiolog.

Det skriv Fishguard i ei pressemelding.

- Eg kjem frå Selje, så dette er nesten som å komme heim. Eg hadde også praksisen min her saman med Jan Arne og trivdes veldig godt, så eg gler med veldig til å komme i gang med arbeidet. Thomas kjenner eg også frå studiene, så dette trur eg blir eit skikkeleg «Team Supreme», seier Synnøve.

Åhjem kjem rett frå studentlivet i Bergen, men har også med seg litt erfaring frå oppdrettsnæringa, der ho har jobba med berggylt- og rognkjeksoppdrett ved Mowi sine anlegg i høvesvis Øygarden og Vanylven.

Med nye kundeforhold på plass etablerer Fishguard samstundes ei ny avdeling på Smøla, der fiskehelsebiolog Anne Moberg Vossgård vert første tilsette.

Dagleg leiar Karl Ove Reinsnes i Fishguard er begeistra for sine mange nye tilsette.

- Vi har ei veldig fin utvikling, og sterkt fokus på å bygge gode lokale fagmiljø ved avdelingane våre langs kysten. No skal vi i gang med rekrutteringa av ein ny veterinær til søsterselskapet vårt på Island, og håper også å raskt kunne ha på plass ein kollega til Anne på Smøla, seier Reinsnes.


Ny fiskedoktor i byen


Artikkeltags