Fryktar at regjeringa vil endre permitteringsreglane: – Det får store konsekvensar for oss

KALVÅG: I Statsbudsjettet har regjeringa føreslått å endre permitteringsreglane for fiskeindustrien, ved å kutte talet veker ein arbeidstakar kan vere permittert. – Dette er ikkje bra for fiskeindustrien, seier Dag Steinar Førde, klubbleiar ved Pelagia i Kalvåg.