Fiskebåt med tekniske problem køyrde i flytebrygge

DEL

Klokka 03.30 natt til torsdag melde politiet på Twitter at eit fartøy skulle ha køyrt på ei flytebrygge ved Måløy terminal. Politiet var då på veg til staden.

Ifølgje NRK var det ein fiskebåt på 120 fot som fekk tekniske problem då den skulle legge til kai i Måløy.

Politiet melder om materielle skader. Dei har vore i kontakt med skipper og styrmann på fartøyet, og har oppretta ei granskingssak på hendinga.

Artikkeltags