7. november er det klart for den årlege First Lego League (FLL)-turneringa på Eid og Davik Oppvekst er med for åttande gong. Elevgruppa går under namnet The Solution - og dei går sjølvsagt for siger. Davik har gjort det bra i FLL før, så klassen kjenner på presset for å lukkast. Dei 16 elevane, ti jenter og seks gutar, har i år fått oppdraget "Trash Trek": Altså finne ei god løysing på korleis ein kan handtere søppelproblematikken i verda.

Oppgåva skal løysast på tre nivå: Ei gruppe skal forske på ei god løysing på søppelproblemet verda har, ei teknologigruppe skal lære seg å programmere ein robot til å løyse oppdrag på ei legobane, medan den siste gruppa skal marknadsføre FLL og kva klassen driv med.

Og forskingsgruppa bedyrar dei har funne ei god løysing.

- Utan å røpe for mykje kan vi fortelje at vi har funne ei god løysing innan kjeldesortering. Målet med produktet vårt er at alle skal bli flinkare å kjeldesortere, avslører Hilde Gulliksen.

- Kva utfordringar har de støtt på?

-Vi har hatt litt problem med å få til designet på den slik at den skulle bli mest mogleg praktisk, fortel Karl-André Eikenes.

I tillegg vedgår han at dei er litt usikre på mekanismen.

Årets robotbane skapar også mange utfordringar for teknologigjengen.

- I år er det ti oppdrag som skal løysast, fortel Bjørnar Hunvik og Elin Barstad i teknologigruppa.

- Og det som er vanskeleg, er å få roboten til bevege seg slik vi ønskjer. Ein millimeterfeil i starten på bana kan bli til centimeter lenger ute, forklarar dei, og held fram:

- I år har dei òg lagt inn eit nytt element i konkuransen - dersom vi gjer noko feil, som at vi dultar bort i ein lego vi ikkje skal, så kan dommarane setje ut hindringar for oss. Det blir utruleg spennande å sjå korleis vi får dette til!

Dei er innstilte på at det vert ein god del timar på skulen på ettermiddag og kveld. Erfaringa viser at det ikkje er før siste kvelden at alt er skikkeleg på plass. Det skal også skrivast ein teknologirapport som to av elevane på gruppa skal framføre.

Marknadføringsgruppa skal lage eit show som kan vare inntil fem minuttar og dei må også lage ei utstilling for å marknadsføre lag og produkt. Det skal også skrivast ei innlevering som handlar om kva marknadsføringsgruppa har gjort og om samarbeidet innanfor og mellom gruppene, opplyser Eirin Edvardsen.

- I tillegg skal vi òg lage ei plan for korleis vi skal marknadsføre det inn mot renoveringsfirma som til dømes Nomil seier ho.

-The Solution håpar på å nå langt i konkuransen, og få vist oss fram på best mogleg måte. Dersom vi kjem vidare skal vi sjå på kva vi kan gjer betre og gi alt, seier Anna Wiik frå marknadsføringsgruppa.

Uansett kor det går, syns dei det er spennande å jobbe med FLL. Alle får faglege utfordinga dei må løyse, og det sosiale miljøet blomstar. Kanskje kjem du i Operahuset på Eid den 7. novmeber og heiar på dei?

Her kan du lese om davikarane sin siger i FLL i fjor.