Det er svært glatt ved Magnhildskaret og i Svelgen sentrum måndag. Det har gitt utfordringar for fleire vogntog.
– I Svelgen sentrum står eit vogntog i klem i Elvavegen. På fv. 613 på veg opp til Magnhildskaret står det no tre vogntog som ikkje kjem seg nokon veg. Dette skapar nokre trafikale utfordringar, sa operasjonsleiar Tore André Brakstad i Vest politidistrikt rett før 12.30.
Politiet sende ein patrulje for å sjekke om køyretøya var godt nok skodde for vintervegane. Fleire skulle nemleg mangle kjettingar.
Eirik Loftesnes, også operasjonsleiar i politiet, fortel til Firda måndag ettermiddag at politiet også oppdaga eit femte vogntog med problem.
– Patruljen kom forbi eit vogntog som stod fast ved Haukå. Det hadde blitt sett ut ein varseltrekant, men køyretøyet stod litt trafikkfarleg til. Vegvesenet vart varsla om glatt veg, og dei varsla i tur entreprenør som skulle salte staden. Bilbergar kom for å fjerne køyretøyet frå vegen, og politiet avslutta på staden, fortel han.
For sjåføren som sat fast i Svelgen, vart det annleis. Han fekk hjelp av Viking til å flytte køyretøyet ut av vegbana, men fekk pålegg av politiet om å parkere vogntoget i sentrum fram til i morgon. Då vil dei gjere ei vurdering på om det er element i hendinga som gjer at dei må følge opp saka i etterkant.
Trafikkorken i Magnhildskaret skal også vere løyst no. Av dei tre vogntoga som stod fast, hadde eitt behov for hjelp. Det vart lost til ei lomme og står no utfor vegen.
Loftesnes seier at det ikkje står oppført noko om dei andre vogntoga i loggen hans, noko som kan tyde på at dei kom seg vidare utan vidare problem. Politiet såg ikkje behov for å følge opp denne saka i ettertid.