Fire nye koronasmitta i Helse Førde sitt område
Onsdag morgon melder Helse Førde om fire nye positive koronaprøver.
Tysdag analyserte Helse Førde heile 393 korona-prøver frå kommunane i sitt dekningsområde. Fire av desse viste seg å vere positive.
Det er ikkje opplyst kva kommunar dei positive prøvene kjem frå, då helseføretaket ikkje ønsker å informere om dette.
Det er per i dag ingen innlagte med korona i Helse Førde.
I tillegg til dei 393 koronaprøvene Helse Førde har analysert, kan det vere analysert prøver i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.
Kommentarer til denne saken