Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye korona-tilfelle

Onsdag morgon melder Helse Førde om fire nye tilfelle av Covid-19-smitte.

Denne gongen er det i kommunane Årdal, Hyllestad og Sogndal det er påvist smitte.

Dei positive prøvane blei funne blant 429 analyserte prøvar gjort tysdag 31. august.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommentarer til denne saken