– Dette er kjempeviktig for motivasjonen

Redaksjonen i Firdaposten startar opp med tidlegvakt. Frå venstre: Linda Regina Bruvik, Svend Arne Vee, Liv Standal, David Antonsen, Arve Solbakken, Dag Nesbø Frøyen og Arne Hjorth Johansen

Redaksjonen i Firdaposten startar opp med tidlegvakt. Frå venstre: Linda Regina Bruvik, Svend Arne Vee, Liv Standal, David Antonsen, Arve Solbakken, Dag Nesbø Frøyen og Arne Hjorth Johansen Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag kom avisene sine opplagstal for 2017, og dei viser framgang for Firdaposten - for andre året på rad.– Veldig motiverande, seier redaktør Svend Arne Vee.

DEL

Mediebedriftenes Landsforening (MBL) offentleggjorde onsdag føremiddag dei offisielle opplagstala for aviser og magasin i 2017.

Tala viser framgang for over ein tredel av lokalavisene, blant desse Firdaposten.

Firdaposten hadde ein netto opplagsauke på 41 frå 2016 til 2017, frå 4707 til 4749.

– Veldig gledeleg

Auken i digitale abonnentar er høgare enn bortfallet av papirabonnentar, difor aukar kystavisa for andre året på rad.

– Veldig gledeleg! Dette er jo ein kjempeviktig motivasjon for oss - å sjå at folk synst vi driv med noko verdifullt. Det gjer det lettare å stå opp om morgonen for å vere på plass på tidlegvakta klokka seks, seier redaktør Svend Arne Vee.

Abonnentinntektene er veldig viktige for lokalavisa, og vil vere det også framover. At ein aukar opplaget er med på å sikre ei vidare satsing på dei digitale flatene, for å skape eit enda betre tilbod til abonnentane, seier redaktøren.

– At vi aukar også i 2017, for andre gong dei siste ti åra, og for andre året på rad, viser at 2016-auken ikkje berre var eit blaff. Vi har klart å snu nedgangen.  Tala viser at vi stort sett klarar å halde oppe papiropplaget, samstundes som vi aukar litt digitalt, seier Vee.

Tala viser at Firdaposten sine lesarar følgjer den nasjonale trenden; Stadig fleire les aviser digitalt, og stadig fleire er digitale abonnentar. 

Fleire i fylket går fram

Alle avisene i fylket som har digitale abonnement aukar opplagstala sine, bortsett frå Sogn Avis, som går tilbake heile 221.

Firda går fram med 71, Fjordenes Tidende med 69, Fjordabladet med 34, og Fjordingen med 13.

Firda Tidend og Ytre Sogn Avis går tilbake med høvesvis -53 og -42.

Historisk år

2017 vart eit historisk år for norske mediehus. 105 av dei hadde opplagsframgang, og dagleg når dei 81 prosent av befolkninga over 12 år.

Dei nasjonale tala viser også at for første gong er det fleire som les innhald på mobil enn i papiraviser.

– Opplaget for norske aviser og magasin har vore fallande sidan 1997, men no, etter 19 år med nedgang, har 46 prosent vekst i opplaget. Den positive utviklinga skuldast først og framst at auken i digitalt opplag er større enn nedgangen i opplag på papir, seier Randi S. Øgrey, adm. dir. i Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Av 226 aviser hadde 105 opplagsframgang. Papiropplaget sank med 6.4 prosent, digitalopplaget auka med 8,7 prosent.

Aftenposten (+13.777, Bergens Tidende (+2.882) og Aftenposten Junior (+2.386) aukar mest.

Artikkeltags