Firdaposten måtte evakuere

STORE SKADER: Redaktør Svend Arne Vee (t.v) konstaterer at skadene er for store i redaksjonslokala til å produsere avis. T.h er nyheitsredaktør Arve Solbakken i gang med å dokumentere.

STORE SKADER: Redaktør Svend Arne Vee (t.v) konstaterer at skadene er for store i redaksjonslokala til å produsere avis. T.h er nyheitsredaktør Arve Solbakken i gang med å dokumentere.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Store vasslekkasjar i frå taket gjorde til at alle på Firdaposten måtte evakuere torsdag morgon.

- Då vi såg dei store skadane lekkasjen hadde gjort, måtte vi berre snu i døra, seier ansvarleg redaktør Svend Arne Vee.

NY INNSJØ? Det flate taket til Firdaposten såg slik ut då Tor Helge Husevåg i Klimatekk kom opp på taket torsdag.

NY INNSJØ? Det flate taket til Firdaposten såg slik ut då Tor Helge Husevåg i Klimatekk kom opp på taket torsdag.

Det var store vassdammar på golvet og etter råd i frå fagfolk tok ikkje redaktøren sjansen på å sette på strøm. Dermed må dei neste utgåvene til Firdaposten produserast utanfor redaksjonlokala.

Redaksjonen har no flytta til A til Å i Horne Brygge.

- Vi har ikkje oversikt over kor store skadene er, men at det vil påverke dei neste avisene må vi nesten rekne med. Vi er i alle høve takksame for at A til Å snudde seg rundt og tok i mot oss, seier Vee.

- Vi må ha opne armar for klimaflyktningar frå austre by'n, seier Trond Sagen i A til Å, med glimt i auget.

Redaktøren er no i gang med å sondere etter høvelege mellombelse løysingar.

- Torsdag ettermiddag er bygget sikra og opptørking starta. Vi har brukt dagen til å spore opp eigna lokale for drifta i vekene og månadene framover, og om alt går etter planen, er vi i drift i mellombelse lokale i løpet av måndag, seier Vee, som rosar det lokale næringslivet for å trø til for lokalavisa.

– Vi har bede mange om ei handsrekking i dag, og samtlege har stillt opp. Det er Florø på sitt aller beste, seier Firdaposten-redaktøren.

Artikkeltags