No er omlegginga i Firdaposten i gong

Firdaposten sin redaksjon er på full fart inn i den digitale tidsalderen. F.v. journalist/vaktsjef Linda R. Bruvik, redaktør Svend Arne Vee, marknadskonsulent Trude Sørbø Vee, journalist Liv Standal, journalist/vaktsjef Dag Nesbø Frøyen, journalist/vaktsjef David E. Antonsen og journlist Arne Hjorth Johansen.

Firdaposten sin redaksjon er på full fart inn i den digitale tidsalderen. F.v. journalist/vaktsjef Linda R. Bruvik, redaktør Svend Arne Vee, marknadskonsulent Trude Sørbø Vee, journalist Liv Standal, journalist/vaktsjef Dag Nesbø Frøyen, journalist/vaktsjef David E. Antonsen og journlist Arne Hjorth Johansen. Foto:

Frå denne veka blir det papiravis først onsdag.

DEL

I morgon tysdag 24. april kjem det ikkje papiravis. Denne veka er omlegginga i Firdaposten til to-dagarsavis på papir ein realitet, og dermed blir det frå no av papiravis onsdagar og fredagar.

- Vi har vi planlagt så lenge no, at det er på tide å komme i gong. Eg trur vi skal ha det meste på stell no, seier redaktør Svend Arne Vee.

Meir journalistikk

Han vedgår at redaksjonen har fått seg nokre aha-opplevingar undervegs i arbeidet med omlegginga.

- Det er mange ting som må endrast; annonsørar skal varslast, trykkerirutinar må endrast, deadline blir endra, sidetalet på papir skal opp og det må gjerast tilpassingar i produksjonen elles. Men målet er å bruke mindre tid på papiravisa og bruke meir ressursar digitalt.

- Vi ser at folk likar å få levande bilder - til dømes såg vi det på responsen på Rett Vest-videoen vi laga i helga - og det er slikt dei skal få meir av, lovar redaktøren.

Han opplyser at nyheita om at Firdaposten reduserer papirutgjevingane sine har vorte møtt med veldig lite støy og uro.

- Og no har vi har snart møtt 200 av seniorlesarane våre gjennom aID-kurs og informasjonskveldar, som også stort sett har møtt oss med forståing, sjølv om nokre synes det er litt skummelt, vedgår han.

Mange har gått opp løypa

No er det litt under 30 prosent av Firdaposten sine abonnentar som ikkje har registrert seg som digitale aID-brukarar, og sjølv om redaktøren håpar å få fleire av dei over på digital bruk, strekar han under at papiravisa framleis skal vere eit godt alternativ.

- Nokre seier at dei ikkje kan eller ønskjer å gå over til digital avislesing, og det må vi respektere. Dei skal vite at dei framleis vil få godt lokalavisprodukt! Vi gjer dette for å få tid til meir journalistikk, peikar Vee på, og seier det kjennest litt skummelt.

- På ein måte gjer det det, men samstundes har ganske mange aviser gått opp løypa før oss. Så vi er ikkje uroa for at Firdaposten-lesarane vil vere noko mindre i stand til å endre vanar enn lesarar andre stader.

Når alt er på stell no, vil lokalavisa også lansere digitalarkivet sitt. Folk vil få nyheitsbrev om morgonen, Firdaposten vil ha tidlegvakt på plass frå kl 6 og det blir meir streaming, og podkastar.

- Og om nokon treng hjelp eller har kommentarar eller innspel, tek vi sjølvsagt i mot det, avrundar Vee.

Artikkeltags