Solveig er Firdaposten sin digitale brukar nummer 6001

Solveig Hovden fekk opplæring av David E. Antonsen i korleis ho loggar seg inn med aID. – Det var ikkje så vanskeleg, seier ho etterpå.

Solveig Hovden fekk opplæring av David E. Antonsen i korleis ho loggar seg inn med aID. – Det var ikkje så vanskeleg, seier ho etterpå. Foto:

Det er enklare enn du trur å få tilgang til arkivet vårt, og lese alt på Firdaposten.no!

DEL

På få dagar har Firdaposten runda 6000 digitale brukarar. Alle desse har tilgang på alt på nettavisa Firdaposten.no, vår digitale E-avis, og ikkje minst alt som ligg i arkivet vårt heilt attende til 1948.

Fredag var Solveig Hovden oppom redaksjonen for å få hjelp til å logge seg på Firdaposten si digitale løysing. Ho vart dermed aID-brukar nummer 6001.

– Det var ikkje så vanskeleg, når ein berre veit korleis ein skal gjere det, smilte Solveig.

Med jamne mellomrom har vi i Firdaposten små opplæringskurs for nye aID-brukarar, seinast på Havly i Bremanger. Men om du ikkje har fått med deg desse kursa, og lurer på korleis du som abonnent kan få tilgang til nettavisa Firdaposten.no, vår digitale papiravis E-avisa og Firdapostenarkivet, kan du følge desse trinna:

Kva treng du?

Du kan gå inn på Firdaposten.no på både iPhone, iPad og andre mobilar og nettbrett. For å lettare komme inn på både E-avisa og nettavisa Firdaposten.no, kan det vere lurt å laste ned to appar frå "App store".

Slik gjer du det:

iPhone eller iPad:

1. Gå inn på App Store.

2. I søkefeltet skriv du "Firdaposten", før du trykker søk.

3.  Den øverste appen, der det står "Firdaposten" med lita skrift, er E-avisa (den digitale papiravisa). Den underste er ein App som tek deg til nettavisa Firdaposten.no. Når du har funne dei to appane våre, laster du dei ned. Det gjer du ved å trykke "Hent". Då vil du bli spurt om Apple ID og Apple passordet ditt, så pass på å ha det klart.

Android-telefonar og nettbrett:

1. Gå inn på Play Store. Du treng ein Google-konto for å komme inn. Har du det allereie loggar du inn med brukarnavn og passord. Har du det ikkje må du lage deg ein.

2. I søkefeltet skriv du "Firdaposten", før du trykker søk.

3. Den øverste appen, der det står "Firdaposten" med lita skrift, er E-avisa (den digitale papiravisa). Den underste er ein App som tek deg til nettavisa Firdaposten.no. Når du har funne dei to appane våre, laster du dei ned. Det gjer du ved å trykke "Installer".

For deg som er Firdaposten Komplett- eller Digital-abonnent:

1. Gå inn på www.firdaposten.no og trykk på "Mi side" i den raude Firdaposten-fana i toppen. Denne fana vil då utvide seg.

2. Trykk deretter på "aID Logg inn"-knappen oppe til høgre i fana.

3. På den neste sida du får opp trykkjer du "Opprett aID". Fyll ut namn, mobilnummer, epost og fødselsdato. Pass på å hake av på knappen der det står at du må godta brukarvilkåra.

4. Når det er gjort, trykk "Send eingongskode". Då vil du få ei SMS-melding frå oss med ein eingangskode. Eingongskoden blir sendt til mobilnummeret du har oppgitt i trinn 3. Denne eingongskoden må du skrive inn i feltet som kjem opp i nettlesaren din. Når dette er gjort, må du skrive inn eit personleg passord knytt til aID-kontoen din. Det treng ikkje vere så vanskeleg, og hugs å skrive det ned ein stad der du veit du finn det att.

For deg som ikkje er Firdaposten-abonnent:

1. Gå inn på www.firdaposten.no og trykk på "Mi side" i den raude Firdaposten-fana i toppen. Denne fana vil då utvide seg.

2. Her får du då valet om å bestille abonnement. Du kan velje mellomFirdaposten DigitalFirdaposten Digital + Helg, og Firdaposten Komplett.

3. Når du har registrert ditt abonnement får du tilgang på e-avisa med ein gong, men ikkje Fp+ innhaldet. Du får ei e-poststadfesting med ein gong, men det tek kring to dagar frå du har registrert ditt abonnement til du får full tilgang på alt innhald på Firdaposten.no.

Ordliste

aID: Forkorting for Amedia IDentifikasjon. Når du opprettar ein aID, veit vi at det er du som loggar deg på.

Nettavisa: Firdaposten.no er staden du går inn på i nettlesaren, når du skal lese siste nytt, leite i arkivet vårt, sjå gamle eller nye bildeserier og ikkje minst sjå videoane vi legg ut. Firdaposten.no finn du ved å trykke her.

E-avisa: Dette er vår digitale papiravis. Den ser heilt lik ut som papiravisa, men du kan lese den på nettbrett og på data. E-avisene finn du ved å trykke her.

App Store: Finnest på iPhone og iPad. Her hentar du nye appar.

Google Play: Det samme som App Store, men for dei som ikkje har iPhone eller iPad. Samsung-telefonar og nettbrett har til dømes Google Play.

For deg som har familie som er Firdaposten-abonnentar:

1. Det har blitt enklare for deg som har familie å kunne logge deg på. EIn familie kan dele på inntil fem tilgangar på Firdaposten.no. Det gjer du ved å gå inn på www.firdaposten.no og trykke på "Mi side" i den raude Firdaposten-fana i toppen. Denne fana vil då utvide seg.

2. Trykk deretter på "Få tilgang som familiemedlem"-knappen. På den neste sida du får opp trykkjer du "Opprett aID".

3. Fyll ut ditt eige namn, mobilnummer, epost og fødselsdato, ikkje den noverande abonnenten sine. Pass på å hake av på knappen der det står at du må godta brukarvilkåra.

4. Du vil då få opplyst at du ikkje er abonnent, men du vil bli spurt om du loggar deg inn som eit familiemedlem. Då må du oppgje den eksisterande abonnenten sitt telefonnummer.

Slik søker du i Firdaposten-arkivet:

    Med journalist Liv Standal

    Artikkeltags