Gå til sidens hovedinnhold

Firdaposten sender direkte frå politisk debatt i Måløy

Artikkelen er over 1 år gammel

MÅLØY: Politikartoppane kjem til Måløy og Nordfjordhallen måndag kveld for å diskutere politikk. Firdaposten strøymer direkte.

Måndag kveld inviterer Måløy Vekst til valmøte i Nordfjordhallen Kultur og idrettsarena. Fleire av ordførarkandidatane stiller til debatt, og dei partia som ikkje har hatt høve til å sende ordførarkandidaten stiller med sterke vikarar. Deltakarlista ser slik ut:

  • Ola Teigen (Ap)
  • Morten Hagen (H)
  • Nils Myklebust (Sp)
  • Jacob Nødseth (V)
  • Frank Willy Djuvik (Frp)
  • Gustav Johan Nydal (KrF)
  • Marie Øverås Jensen (SV)
  • Geir Oldeide (Raudt)
  • Odd Bovim (MDG)
  • Egil Amsrud (PDK)

Hovudtema for debatten er varsla å vere det ganske store spørsmålet om korleis Kinn kommune skal bli ein aktiv tilflyttingskommune. Vi reknar likevel med at også andre spørsmål vil bli teken opp under møtet, som er varsla å vare i to timar. Det vil bli opna for spørsmål frå salen.

Firdaposten er til stades i Nordfjordhallen, og så sant teknologien er med oss sender vi heile møtet direkte. Debatten vil også vere tilgjengeleg i opptak nesten umiddelbart etter at debatten er ferdig.

Kommentarer til denne saken