Firdaposten lanserer Direktesport for smart-TV

PÅ TV: Denne sesongen får du kommentator Arne Hjorth Johansen og kameramann Oskar Gjervik rett inn på Smart-TVen din, via den nye appen til Firdaposten og Direktesport.

PÅ TV: Denne sesongen får du kommentator Arne Hjorth Johansen og kameramann Oskar Gjervik rett inn på Smart-TVen din, via den nye appen til Firdaposten og Direktesport. Foto:

SPORT: Endeleg kan du få kampane til Florø Fotball opp på Smart TV-en din utan mikk-makk.

DEL

Amedia-avisenes sportsportal Direktesport lanserer ein eiga app for smart-TV. Det betyr at alle som abonnerer på ein av konsernets 75 aviser no vil få tilgang til direktesendt sport rett inn på tv-skjermen.

Direktesport er sportsportalen til Amedia, Firdaposten sine eigarar. Det er gjennom denne portalen, eller strøymetenesta, abonnentar får tilgang på alt frå Florø Fotball sine kampar, til aldersbestemte klubb- og landskampar frå heile landet. Tidlegare har denne strøymetenesta stort sett vore lagt opp til at folk skal sjå sport på mobilen eller datamaskinen. No har det blitt lansert ein heilt ny app, som skal gjere det lettare å sjå alt frå Christer Husa og lagkameratane som jaktar poeng i PostNord-ligaen, til Cornelius Eikeland sine kampar for Førde i Mizunoligaen, anten det er direkte eller i opptak, på fjernsynet.

Appen kan lastas ned i Apple TV og på nyare Samsung Smart TV-er.

Med Direktesport-appen får du tilgang til tusenvis av idrettsarrangement frå heile landet, og du kan både sjå sendingane direkte og i opptak.

– Våre aviser har dei siste åra sendt fleire tusen sendingar med fotball, handball og ishockey, friidrett, langrenn og ei rekke andre idrettar. Vi har opplevd stor interesse blant våre abonnentar for dette tilbodet som dei hittil har kunne sjå via pc, mobil eller nettbrett. No bretter vi det ut i storformat og lagar appar for smart-TV, seier Helge Birkelund som er direktør for sportsutvikling i Amedia.

I tilbodet frå Direktesport ligg mellom anna treningskampar med Rosenborg, Molde, Brann, Vålerenga og resten av laga i Eliteserien. Når sesongen startar vises alle kampane frå Toppserien, PostNord-ligaen og ei rekke andre kampar for store og små, som til dømes Norway Cup.

Direktesport har også kampar frå Rema 1000-ligaen i handball og ei rekke andre sendingar så som Birkebeineren, Holmenkollstafetten og NM i alt frå Bordtennis til Boksing. Mange av Amedias lokalaviser tilbyr omfattande dekning av det som skjer innan lokal og aldersbestemt idrett. Det gjeld også Firdaposten, som i fjor viste alle kampane til Florø Fotball i både cupen og i PostNord-ligaen, i tillegg til utvalde kampar frå 4. divisjon med Florø Fotball 2, Tornado Måløy, og Bremanger. Også 6. divisjonslaga FK Tempo og Eikefjord har vore vist på Firdaposten.

Også i 2020 skal Firdaposten vise alle kampane i PostNord-ligaen, og meir til.

Artikkeltags