Gå til sidens hovedinnhold

Firdaposten deler ut 200.000 i år også. Sjekk om prosjektet ditt kan søke!

Driv du lokalt lags- eller foreiningsarbeid? No får du ein ny sjanse til å få økonomisk støtte frå Firdaposten.

I fjor var første året då Firdaposten delte ut 200.000 kroner i lag med Amedia og Sparebankstiftinga DNB til lag og organisasjonar i vårt område. No kjem det ein ny runde, med friske pengar, nye jurymedlemmer - og forhåpentlegvis gode søknader.

- Søknadsfristen er 4. mai. I fjor fekk vi ei god handfull spennande søknader til vurdering. Vi hadde ikkje pengar til alle, men dei som fekk støtte har fått mykje godt ut av tildelingane, seier Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee.

Ny jury

– Som lokalavis er det viktig for oss å bidra til å skape gode lokalsamfunn. Vi ønsker å spegle og utvikle lokal kultur og identitet og vere ei positiv kraft i utviklinga av det som skjer i vårt område, seier Vee, som i år har fått med seg to driftige kvinner i juryen som skal plukke ut dei beste kandidatane.

- Frå Florø har vi fått med oss Maren Avsnes, som mange sikkert kjenner frå Våt Moro-festivalen. Og så har Margrethe Gangsøy frå Deknepollen, som blant anna driv Havfruen i Måløy, takka ja til å bli med i juryen. Felles for dei begge er at dei likar å skape gode aktivitetar og at dei brenn for lokalsamfunna sine, seier Vee.

I fjor vart det delt ut gåvemidlar både i Florø og i Bremanger. Troda 4H fekk 5000 kroner til utstyr på Draumeplassen i Langedalen, Svelgen-Bremanger Røde Kors fekk 10.000 til å etablere møteplassen Ung Kafé i Kalvåg, det blei gjeve 10.000 i støtte til familiekonsert for born og unge på Solgangsfunk, Florø seilforening fekk 50.000 kroner til utstyrskjøp retta mot barn og unge, og E-sport-satsinga i Florø fekk 100.000 kroner.

Denne gongen håpar juryen på at også gode prosjekt nord i Kinn vil søkje frå potten, som er på 200.000 kroner.

- Vi satsar på at vi får søkjarar som treng midlar frå heile området vårt, seier Maren Avsnes Klakegg.

Djuvik: - Pengane utløyste alt

Den som fekk størst utteljing på søknaden sin i fjor, var Florø E-sport.

- Støtta vi fekk frå Firdaposten i fjor var utløysande for etableringa av Florø E-sport og datarommet på ungdomsklubben Haffen. Med støtta vi fekk så kunne vi starte investeringa i PCar og datautstyr, og vi fekk på plass utstyr som gjorde det mogleg å starte med trening og e-sport i Florø, seier e-sporteldsjel Frank Willy Djuvik.

Han meiner gåva på 100.000 kroner og omtalen av dette førte til at fleire andre fekk opp augene for e-sport og gav støtte til etableringa. No, eitt år seinare, så har Florø E-sport etablert seg som ein av Norges største breiddeklubbar innan e-sport med nær 120 medlemmar og fleire lag i nasjonale seriar og konkurransar.

- Utan støtta frå Firdaposten, så hadde vi ikkje komme i gang med tilbodet før mykje seinare. Vi kan verkeleg tilrå lag og organisasjonar som har gode prosjekt som bidreg til lokale aktivitetar å søke støtte frå Firdaposten/Amedia, slik at ein kan få same "kickstarten" som vi fekk, seier Djuvik.

25 millionar totalt

At vi framleis står midt oppi ei krisetid der mange blir forhindra i å drive med gode kultur- og fritidsaktivitetar, skal ikkje vere noko hindring for å søkje støtte hos oss. Med den situasjonen vi har hatt det siste året, så kjennest det ekstra meiningsfullt å kunne bidra til aktivitetar for barn og unge, seier Svend Arne Vee.

Pengestøtten frå Firdaposten inngår i ei ordning som omfattar 76 aviser eigd av Amedia-konsernet. Til saman skal det delast ut 25 millionar kroner i støtte til opne aktivitets- og fritidstilbod og anna ideell verksemd i regi av lokale lag og foreiningar i dei kommunane som avisene dekkjer.

Søk via nettportal

Utdelingen skjer i samarbeid med Sparebankstiftinga DNB, som for fem år sidan kjøpte Amedia og oppretta Amediastiftelsen for å ivareta eigarskapen. Utlysninga av 25 millioner kroner i støtte skjer i tråd med formålet til Amediastiftelsen: «Eie norske aviser og tilknyttet virksomhet. Virksomhet som eies skal drives på forretningsmessig grunnlag. Stiftelsen kan bruke av sitt overskudd til å gi bidrag til allmennyttige formål.»

Ver obs på søknadsfristen, som er sett til 4. mai. Og at søknader berre kan bare leverast gjennom denne søknadsportalen: https://soknad.sparebankstiftelsen.no/amedia. Sjå også annonse i papirutgåva av Firdaposten onsdag 7. april.

Kven som får tildelt midlar blir offentleggjort 1. juni.

Kommentarer til denne saken