No kan du søke digitalt i Firdaposten-arkivet heilt frå 1948

Journalist og vaktsjef Linda Regina Bruvik og redaktør Svend Arne Vee trur det blir nyttig både for tilsette og lesarar med eit digitalt arkiv som går heilt tilbake til 1948.

Journalist og vaktsjef Linda Regina Bruvik og redaktør Svend Arne Vee trur det blir nyttig både for tilsette og lesarar med eit digitalt arkiv som går heilt tilbake til 1948. Foto:

DEL

Frå og med i dag tysdag får alle Firdaposten sine innlogga abonnentar moglegheita til å lese alt dei ønskjer frå avisa heilt tilbake til den spede starten i desember 1948.

- Og alt er saman er søkbart. Stadnamn, namn på personar, på ting, spesielle tema - det berre fantastien som set begrensingar på kva ein kan leite fram! erklærer redaktør Svend Arne Vee.

197.000 avissider har blitt scanna og digitaliserte i Sveits i vinter, og alt er no altså gjort søkbart.

Slik gjer du:

Gå inn på e-avisa, trykke på søketeiknet, så huke av for arkiv og skrive inn det ein måtte ønskje å søke på.

- Kanskje ein vil mimre litt, eller forske i slekta - eller rett og slett sjå korleis avisa vart laga for 50-60 år sidan.

Firdaposten har investert rundt 500.000 kroner i denne oppgraderinga.

- Lett å orientere seg

Då tidlegare kultursjef Edvin Helgheim gjekk i gong med arbeidet med Flora-historia, fekk ein digitalisert fleire av dei "døde" avisene, som ikkje lenger kjem ut.

- Det var vi med og realiserte litt av. Så håpa vi på at Firdaposten skulle vere med, men vi hadde ikkje råd og Amedia hadde ikkje tid, så då blei det ikkje noko av.

At digital-arkivet no er ein realitet, synes Helgheim er flott.

- Det er jo ein fantastisk kunnskapsbase for alle som skal lese eller skrive om gamle dagar.

- Har du sjølv ting du planlegg å bruke arkivet til?

- Eg er jo berre ein pensjonist, så eg har ingen skriveplaner, bedyrar Helgheim, før han vedgår at han skriv nokre småting likevel.

- Så det er ein grei måte å få orientere seg. Dette er jo søkbart på det aller meste. Så det gjer det utruleg greitt.

Til dei som les, og dei som skriv

- Vi håpar dette skal vere ei gulrot, ein inspirasjon til å registrere seg digitalt, for denne tenesta vil vere inklusert i abonnementet, seier Svend Arne Vee, og legg til at det også vil bli eit nyttig verktøy for Firdaposten sine journalistar.

- Vi vil bruke arkivet aktivt i journalistikken. Det kan vere vi treng å finne relevante saker og emner ein har skrive om før, til dømes. Til no har vi berre hatt søktbart arkiv tilbake til 2003. Så dette blir i høgste grad nyttig også for oss.

Det er enklare enn du trur å registrere aID-en din, og har du gjort det ein gong slepp du gjere det fleire gonger. Slik gjer du det:

  • For deg som allereie er Firdaposten Komplett- eller Digital-abonnent:

1. Gå inn på www.firdaposten.no og trykk på "Mi side" i den raude Firdaposten-fana i toppen. Denne fana vil då utvide seg.

2. Trykk deretter på "aID Logg inn"-knappen oppe til høgre i fana.

3. På den neste sida du får opp trykkjer du "Opprett aID". Fyll ut namn, mobilnummer, epost og fødselsdato. Pass på å hake av på knappen der det står at du må godta brukarvilkåra.

4. Når det er gjort, trykk "Send eingongskode". Då vil du få ei tekstmelding frå oss med ein eingangskode. Denne må du skrive inn i feltet som kjem opp i nettlesaren din. Då vil du måtte skrive inn eit personleg passord knytt til aID-kontoen din.

  • For deg som ikkje er Firdaposten-abonnent:

1. Gå inn på www.firdaposten.no og trykk på "Mi side" i den raude Firdaposten-fana i toppen. Denne fana vil då utvide seg.

2. Her får du då valet om å bestille abonnement. Du kan velje mellomFirdaposten DigitalFirdaposten Digital + Helg, og Firdaposten Komplett.

3. Når du har registrert ditt abonnement får du tilgang på e-avisa med ein gong, men ikkje Fp+ innhaldet. Du får ei e-poststadfesting med ein gong, men det tek kring to dagar frå du har registrert ditt abonnement til du får full tilgang på alt innhald på Firdaposten.no.

  • For deg som har familie som er Firdaposten-abonnentar:

1. Det har blitt enklare for deg som har familie å kunne logge deg på. EIn familie kan dele på inntil fem tilgangar på Firdaposten.no. Det gjer du ved å gå inn på www.firdaposten.no og trykke på "Mi side" i den raude Firdaposten-fana i toppen. Denne fana vil då utvide seg.

2. Trykk deretter på "Få tilgang som familiemedlem"-knappen. På den neste sida du får opp trykkjer du "Opprett aID".

3. Fyll ut ditt eige namn, mobilnummer, epost og fødselsdato, ikkje den noverande abonnenten sine. Pass på å hake av på knappen der det står at du må godta brukarvilkåra.

4. Du vil då få opplyst at du ikkje er abonnent, men du vil bli spurt om du loggar deg inn som eit familiemedlem. Då må du oppgje den eksisterande abonnenten sitt telefonnummer.

Om du har spørsmål angåande abonnement, aID eller FP+, kontakt oss gjerne på 5775 7300 (trykk 1 for abonnementsservice)

Artikkeltags