Firdaposten for 25 år sida: Florø-forretningane opnar for seint

Firdaposten for 25 år sida. Grete Endestad, Rolf Arne Rognaldsen, Åge Frøyen og Knut Eiimhjellen

Firdaposten for 25 år sida. Grete Endestad, Rolf Arne Rognaldsen, Åge Frøyen og Knut Eiimhjellen Foto:

Handelsstanden i Florø har enno ikkje oppdaga kor mykje dei går glipp av, trass i at langt over hundre menneske kvar dag kjem reisande til kystbyen, og i verste fall må vente halvannen time på at forretningane skal opne. Det meinte bremangarane for 25 år sida.

DEL

Firdaposten for 25 år sidaDette er langt frå noko nytt fenomen, slik har det vore i årevis, skreiv Annbjørg Hauge Nygård i Firdaposten den 27 april i 1993.

På Bremangermessa fekk dei to Florø-forretningane Florø Interiør og Florø Møbelcenter erfare kor misnøgde bremangarane er med opningstidene i Florø, og det er grunn til å tru at dette også gjeld øybuarane i Flora-distriktet. Alle båtane kjem inn til byen i halv ni-tida om morgonen, og ein kunne bruke mykje pengar fram til klokka ti om berre forretningane hadde opna.

– Eg kjem til å ta opp spørsmålet på nytt i handelsforeninga, lova Knut Eimhjellen i Florø Interiør. Saka har vore oppe tidlegare for fleire år sida, og eg trudde faktisk at fleire opna klokka ni.

Både Eimhjellen og Åge Frøyen i Florø Møbelcenter vil på det sterkaste oppmode forretningane om å opne tidlegare. det er ikkje meining i at folk skal gå i opp til halvannan time og vente på at dørene vert opna. For bremangarane sin del fører det til at dei heller reiser til Måløy på handel, for der vart dei tekne vare på.

– Bremangermessa er og blitt temmeleg Måløy-dominert, og det er Florø sin eigen feil, seier Åge Frøyen i Møbeøcenteret. På dei første Bremangermessene var det mange Florø-firma med, i år er det berre fire. No er det så stor rift om plassane at det er vanskeleg å få innpass att. Det er synd, for her er det verkeleg pengar å hente. Vi har hatt eit kjempegodt sal i år, seier Frøyen til Firdaposten.

Bremanger-messa vart ein stor suksess, skreiv Firdaposten i same avis.

Bremanger-messa vart ein stor suksess, skreiv Firdaposten i same avis. Foto:

Vil du sjøl søke i gamle utgåver av Firdaposten? Har du abonnement kan du gjere det heime frå godstolen, heile Firdapostens produksjon tilbake til 1948 er no digitalisert og lett tilgjengeleg.

Slik gjer du:

Gå inn på e-avisa, trykke på søketeiknet, så huke av for arkiv og skrive inn det ein måtte ønskje å søke på.

    Med journalist Liv Standal

    Artikkeltags