Som så mange andre, gjekk Tempopodden Deadline Day i møte med forhåpninga om å få eit nytt og spennande ansikt inn dørene, men enda opp med å måtte sette sin lit til å få det beste ut av det ein allereie har. For anledninga utan sin Stetson og gitar, men med bevernylon-nikkersen knytt stramt rundt livet, er Arne Hjorth Johansen tilbake for å bevise at han er verdt å satse vidare på utover hausten.
Oktober er høgsesong for melankoli og endelaus grubling. Derfor er majoriteten av dagens episode dedikert til å svare på mange av dei viktige spørsmåla her i livet. Kva skal til for å hamne i Firdaposten? Kven var han fyren som på 90-talet gjekk rundt i Florø med Bossilini-joggedress og høglydt Techno-musikk frå discmanen? Korleis er Tinder-marknaden i Florø?
I tillegg til dette, avslører Benjamin sin verste motspelar i 6. divisjon, Kristian syng Oral Bee etter hukommelsen, og Hjorthen deler ein av sine mørkaste hemmelegheita.
Du kan også finne både denne, og eldere episoder, på andre oppsamlingsplassar for podcaster. Som til dømes her på Spotify:
Sjekk gjerne også Quizosiadote: